Hopp til innhold

No kjem hauststormen til fylket

Dei neste dagane må du bu deg på vind og mykje nedbør. Enkelte stadar blir det også storm.

Storm

STORM: Det kan bli liten storm langs kysten denne veka.

Foto: Mari Rollag Evensen/NRK / NRK

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved vêrvarslinga på Vestlandet seier det blir vindfullt i Sogn og Fjordane.

– Seint måndag kveld kjem det inn eit lågtrykk og vi får ein god del vind og nedbør, fortel ho.

Full storm ved Stad

Dette aukar på frå sørleg retning og det blir sterk kuling på kysten. Nord i fylket kan det bli liten storm. Det kjem også ein del nedbør seint i kveld.

– I morgon dreier vinden på sørvest og då roar den seg, men ved Stad blir det liten storm i morgon. Utpå ettermiddagen aukar vinden på igjen og det blir sterk kuling og liten storm langs kysten. Ved Stad kan det bli full storm.

Vått resten av veka

I tillegg vil det komme ein god del nedbør. Dette gjeld ikkje berre kysten, men heile Sogn og Fjordane.

Det blir ikkje mykje opphald dagane framover. Men onsdag roar vinden seg litt.

– Det ser likevel ut til å bli vått og vindfullt frå torsdag igjen. Det kan bli gløtt av sol enkelte stader, men ikkje sol ein heil dag, seier Andersen.

Slik blir vêret dei neste dagane

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.