Hopp til innhold

Mann slegen ned - send til sjukehus

Ein mann er sendt til Førde sentralsjukehus etter at han blei slegen ned på Kaupanger natt til søndag.

Mannen var medvitslaus då han vart frakta frå staden. Politiet kan førebels ikkje seie noko om kor skadd han er.

Det var i eitt-tida i natt at politiet fekk melding om det som hadde skjedd. Dei kom raskt til staden og fekk snakka med vitne. Ein person skal ha innrømma å ha slege ned mannen. Saka vil bli følgt opp av politiet i Sogndal.

I Vågsøy var det så mykje bråk frå ein fest at det heldt naboane vakne. Politiet greip inn og fekk skrudd ned musikken, i tillegg forlet gjestene festen.

Også i Sogndal måtte politiet gripe inn på ein fest der det var mykje bråk. Naboane blei forstyrra av støyen frå festen.

I Førde blei ein mann teken hand om at politiet ved ein utestad. Mannen var til sjenanse for dei andre gjestene og vaktene prøvde å roe han ned. Han blei køyrd vekk og pålagd å reise heim. Ein annan mann blei for å ha urinert på offentleg stad ved Sunnfjord hotell.