Hopp til innhold

Fv. 53 opna for fri trafikk

Fv. 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru er opna for fri trafikk igjen etter at ei vegbane har vore stengd i natt på grunn av steinras.

Steinblokk på fylkesveg 53
Foto: NRK.no-tipsar

Det var ved åtte- tida i går kveld at steinblokkene rasa ut i vegbana. Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal, seier den største steinen var mellom ein og halvannan kubikk stor.

Les også: Steinblokk rasa ned på fylkesveg 53

I natt har eine vegbana vore stengd, og det har berre vore passasje for personbilar, ikkje større bilar. – Like før klokka ni melde entreprenøren attende at steinblokka no er fjerna og det er no opna for fri trafikk igjen.