Hopp til innhold

Kystmuseet i Florø får 500 000 kroner til Gjøa-utstilling

Kystmuseet i Florø får ein halv million kroner til ei ny utstilling om Gjøa-plattforma.

Kystmuseet i Florø

NY UTSTILLING: Frå neste år kjem det ei oppdatert utstilling ved Kystmuseet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ulf Rosenberg and Berit Høivik

SIGNERTE: Kommunikasjonssjef i GDF Suez, Ulf Rosenberg, og direktør Berit Høivik ved Kystmuseet skriv under på avtalen.

Foto: Pressefoto
Gjøa plattform

UTANFOR FLORØ: Gjøa ligg berre 66 kilometer utanfor kysten.

Avtalen blei i dag underteikna mellom selskapet GDF Suez og Kystmuseet under oljemessa i Stavanger.

Pengane skal brukast til fornying og oppgradering av oljeutstillinga, der Gjøa-plattforma skal stå i fokus.

Plattforma ligg berre 66 kilometer vest for Florø. Kystmuseet ser oljenæringa som en viktig del av kystkulturen og ønskjer å formidle faktakunnskap om samtida til gjestene sine.

Utstillinga skal stå ferdig våren 2013.

– Målet med museet er å lære innbyggjarane i fylket om kystkulturen og historia vår, der olje- og gassindustrien spelar ei viktig rolle, seier leiaren ved museet, Berit Høivik.