Hopp til innhold

Gav 40.000 til Kreftforeningen til minne om far

Roald Kalstad døydde av kreft i fjor. I sommar gjekk familien og Sogn Cykleklubb saman om eit minneritt, og no går overskotet direkte til Kreftforeningen.

Kreftoverskot

GODE PENGAR: Håkon Nesse (t.v.) og André Kalstad med sjekken som syner overskotet for Sognefjordrittet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Roald Kalstad var ein kjend mann i Sogn, ikkje minst fordi han i mange år var ein av dei ivrigaste syklistane.

Døydde av kreft

Heile 19 gonger gjennomførte han landets tøffaste turritt, Jotunheimen rundt. I fjor døydde han av kreft, og i år vart han minna med eige sykkelritt.

Roald Kalstad

ETTER OPERASJONEN: Roald Kalstad døydde av kreft i fjor.

Foto: André Kalstad / privat

– Litt av ideen bak dette her var noko som dukka opp i ein samtale mellom meg og Sogn Cykleklubb. Eg mista far min i fjor i kreft, og han var ein ivrig representant for sykkeklubben. Eg tenkte då at det kunne vere spennande å sett om vi kunne gjort noko for å heidre han i samband med Jotunheimen rundt, fortel sonen André Kalstad.

Nøgde med resultatet

I dag kunne han og leiar i sykkelklubben, Håkon Nesse, presentere resultatet. 38.800 kroner direkte til Kreftforeningen.

– Roald Kalstad var med og starte Jotunheimen rundt i si tid og var ein av dei få som hadde sykla alle gongene fram til han då døydde. Vi syntes det var ein god idé å heidre han med dette rittet, og vi er sjølvsagt nøgde med resultatet, seier Nesse til NRK.

Nytt ritt neste år

André Kalstad og resten av familien vil og gjerne takke lokale bedrifter som bidrog, og ikkje minst alle dei om lag 150 syklistane som la ut på vegen frå Skjolden til Sogndal for å heidre Roald.

– Vi endte på ein sum som eg ikkje hadde drøymt om på førehand. Det meiner eg er formidabelt til å vere første gjennomføring. Vi skal sjølvsagt prøve på nytt neste år, seier Kalstad og får støtte frå Nesse i Sogn Cykleklubb.

– Dette skal vi sjølvsagt vere med på vidare.