Hopp til innhold

Trassa cellegifta på sykkel

Anne Kristin Holen frå Sogndal er brystkreftoperert, men laurdag sykla ho frå Skjolden til Sogndal med cellegift i kroppen.

Anne Kristine Holen og Andreas Bjelde

BOLLESTOPP: Anne Kristine Holen og Andreas Bjelde sykla på tandem. Her under stansen på Lustrabui, der dei styrka seg på bollar.

Foto: Knut Strøm

Ho sykla Roald Kalstads minneløp, som er ein del av arrangementet Jotunheimen Rundt. Sykkelløpet blir arrangert til minne om Roald Kalstad, som måtte gje tapt for kreften.

Anne Kristine Holen

MED PREMIEN: Det vanka blomster på Anne Kristine då ho passerte målstreken.

Foto: Håkon Nesse

Pengar til Kreftforeningen

– Det er ikkje alle som er like heldige og som overlever, det er eit viktig tankekors, viktig er det og at startpengane går til Kreftforeningen, seier ein litt sliten, men glad Anne Kristin Holen etter målpassering i Sogndal.

47-åringen er brystkreftoperert og hadde sin åttande cellegiftkur for 11 dagar sidan. Ho meiner fysisk aktivitet er svært viktig for dei som er råka av kreft.

– Eg trimma før eg vart sjuk, og etter eg vart sjuk har eg prøvd så godt eg kan å vere aktiv, då får eg meir styrke til neste kur, eg greier på ein måte å heise meg oppatt når eg er avkrefta.

(Artikkelen held fram under biletet).

Anne Kristine Holen med reisefylgje

SLITEN, MEN GLAD: Anne Kristine Holen (i midten) med reisefylgjet sitt.

Foto: Håkon Nesse

Sykla på tandemsykkel

Men sykling har ho ikkje drive mykje med.

– Eg har vel til saman sykla eit kvarter siste året før løpet i dag. Og eg kjenner det godt i bakparten.

Saman med familien tok ho minneløpet frå Skjolden til Sogndal som ein tur. Ho sykla tandem saman med Andreas Bjelde, og dei brukte rundt tre timar og 40 minutt på dei 54 kilometrane.

– Vi hadde stopp på Lustrabui der det vanka bollar, så var det jordbærstopp i Gaupne og drikkestopp på Lambhaug.