Hopp til innhold

Mista lappen etter krasj på fv. 60

Ein 18 år gamal mann måtte levere frå seg førarkortet etter ei trafikkulukke mellom Stryn og Loen fredag morgon.

Trafikkulukke mellom Stryn og Loen

UTFORKØYRING: Bilen skal ha krasja nokre hundre meter i retning Loen etter Stavenestunnelen.

Foto: Arne Vik

Alle naudetatane rykte fredag morgon ut etter ei trafikkulukke på fylkesveg 60 nokre hundre meter frå Stavenestunnelen mellom Stryn og Loen. Ulukka skjedde like før klokka 08 og det var ein personbil som hadde køyrt i fjellveggen.

Føraren av bilen, ein gut i slutten av tenåra, vart først send til lege i Stryn for sjekk. Seinare vart han frakta vidare til sjukehuset i Eid for røntgen.

Ifølgje avisa Fjordingen er mannen no fråteken førarkortet. Spor på ulukkesstaden viser tydelege teikn på at bilen har vore ute av kontroll før ulukka og politiet mistenker høg fart.

– Spora på staden tyder på høg fart. Det er rein flaks at mannen ikkje møtte andre bilar. Då hadde vi hatt ei stygg ulukke, seier politiførstebetjent Vidar Stavik til Fjordingen.

Fjordingen får opplyst at den unge mannen berre skal ha hatt førarkort ein månads tid.