Hopp til innhold

Måtte sette bråkete mann i arresten

Ein rusa mann i 30-åra heldt i natt slikt eit leven i og utanfor husert sitt at politiet måtte sette han i arresten.

Klokka 02.40 natt til fredag fekk politiet melding om bråk på ei privatadresse på Leikanger. Mannen i 30-åra som budde i huset bråka og heldt leven både inne og utanfor huset og var til sjenanse for fleire i området rundt.

Politiet fekk kontakt med mannen og bad han roe seg, men det skjedde ikkje. Politiet såg då ikkje anna råd enn å reise ut og hente mannen og ta han med til arresten i Leikanger.

Her må han sitje til han blir edru opplyser politiet. Mannen kan også vente seg eit vidare oppgjer etter episoden i natt.