Hopp til innhold

– Ein gledens dag for Jølster at Tollpost byggjer ny terminal her

Transportselskapet Tollpost Globe vil samle seg midt i hjartet av Sogn og Fjordane. – Dette har me venta på sidan 90-talet, seier jølsterordføraren.

Oddmund Klakegg og tomta der Tollpost skal byggja

GODT NØGD: Oddmund Klakegg (Sp), ordførar i Jølster, seier det er ein gledas dag for kommunen.

Foto: Johan Moen/Torje Bjellaas / NRK

Eigedomsdirektør Ronny Grøtvedt seier den nye terminalen på Skei skal erstatte dei tre avdelingane i Førde, Sogndal og Stryn som dei har i fylket i dag.

Tollpost Globe fraktar gods og pakkar Norge rundt for 2,7 milliardar kroner. Den nye terminalen vil få eit byggareal på 1900 kvadratmeter, på ei tomt som er 16,3 mål. Tollpost trur ei etablering vil skape vidare vekst for selskapet.

Ronny Grøtvedt og Bjørn Thorvaldsen

PÅ SKEI: Eigedomsdirektør Ronny Grøtvedt og kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Thorvaldsen seier at terminalen på Skei er ei strategisk plassering.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi ønskjer å styrkje oss i regionen. Ved å sentralisere terminalverksemda, vil vi forbetre våre evne til å vere konkurransedyktige i området frå Bergen til Trondheim, seier Grøtvedt.

Trur på positiv effekt

Grøtvedt seier det er naturleg å samle aktiviteten i fylket på Skei, sidan det er eit logistikknutepunkt.

– Vi trur dette vil ha ein positiv effekt for både kommunen og regionen.

– Venta sidan 1994

Etter at riksveg 5 vart kopla på E39 i 1994, har vegknutepunktet i fylket venta på at noko slikt skulle skje. At Tollpost no etablerer seg der, er ei gledas dag for Jølster kommune, seier ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

– Dette er resultatet av ei utvikling me har sett sidan 1994, og no får me ein stor og seriøs aktør som etablerer sin fylket og regionen sin hovudterminal her.

Viktig knutepunkt

– Nord-sør- og aust-vest-transportårene har knutepunkt her, so eg trur dette er eit resultat av endra transportmønster både langs kysten og aust-vest. Og i Sogn og Fjordane er me veldig sentralt, då ein når 60–70 prosent av fylket på under ein time herifrå.

Han seier at dei allereie har opplevd at både aktørar som jobbar for Tollpost og konkurrentar har sjekka tilhøva for ei mogleg etablering på Skei.

– Eg har verkeleg tru på at dette kan bety ein del for kommunen.

Tollpost si nye tomt på Skei

PÅ SKEI: Eigedomsdirektør Ronny Grøtvedt og kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Thorvaldsen ser utover den nye tomta.

Foto: Johan Moen / NRK

Får tilbod om å jobbe på Skei

Grøtvedt vil ikkje seie kor mykje den nye terminalen kjem til å koste. Han veit enno ikkje kor mange tilsette det blir.

– Den nye terminalen vil bli større og meir kompleks enn dei vi har frå før. Dei som i dag er tilsette i Førde, Stryn og Sogndal, får moglegheita til å vere med vidare på Skei, seier han.