Hopp til innhold

Rykte ut til ulukke i Askvoll

Tre personar måtte ha hjelp av brannvesenet for å kome seg ut av bilen etter ei trafikkulukke i Askvoll.

Trafikkulukke Askvoll

KRASJA I HUSVEGG: Tre personar som sat i bilen måtte ha hjelp av brannvesenet for å kome seg ut.

Ein mann i 80-åra og ei kvinne i 70-åra blei sende til Førde sentralsjukehus. Ei anna kvinne i 70-åra blei sendt til legevakta. Det er førebels uvisst kor skadde personane er.

Alle naudetatane rykte ut etter melding om trafikkulukka i sentrum av Askvoll torsdag føremiddag. Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 11.30.

Ein personbil hadde køyrt inn i ein husvegg og det var tre personar inne i bilen då den krasja. Desse skal ikkje ha klart å kome seg ut ved eiga hjelp og måtte ha hjelp av brannvesenet for å kome seg ut.

Årsaka til trafikkulukka er førebels ukjend. Saka blir etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.

Trafikkulukke Askvoll