Hopp til innhold

Gravdal tapar pengar - vil ikkje byggje hus på private tomter lenger

Gravdal Gruppen er ein av dei aller største utbyggjarane av hus her i fylket. Men no tapar dei så mykje pengar at dei har bestemt seg for å slutte å byggje hus for private tomteeigarar.

John Helge Lunde

TAPAR PENGAR: Dagleg leiar i Gravdal Gruppen, John Helge Lunde, seier dei har bestemt seg for å slutte å byggje hus for private tomteeigarar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Gravdal Hus er den delen av Gravdal Gruppen som har drive med husbygging på private tomter. Men dette har vist seg å vere eit tapsprosjekt, det vedgår dagleg leiar John Helge Lunde i Gravdal Gruppen.

– Vi har ikkje fått til den aktiviteten, seier Lunde og seier dei difor har bestemt seg for å trappe ned med husbygging for private tomteeigarar.

Har blitt eit pengesluk

Gravdal Gruppen tok over selskapet som i dag er Gravdal Hus frå eit konkursbu i Knarvik i 2008. Selskapet som i dag har to tilsette skulle byggje hus for private tomteeigarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Gravdal Hus utgjer 10 prosent av aktiviteten i Gravdal Gruppen, men i staden for å tene pengar har det blitt eit pengesluk.

– Vi har tapt fleire millionar kroner over nokre år. Vi ser at vi får konsentrere oss om hovudaktiviteten der vi tener greitt med pengar, seier Lunde.

Lunde seier dei også har innført betalingsstogg i Gravdal Hus.

– Vi ser at selskapet har behov for meir eigenkapital i samband med ei avvikling. I den forbindelse har vi innført ein betalingsstogg.

Held fram med eigne tomter

Hovudaktiviteten Lunde snakkar om er å kjøpe tomter som selskapet sjølve byggjer ut og sel vidare. Denne vil dei altså halde fram med.

Tal frå fjoråret syner at selskapa i Gravdal Gruppen i fjor hadde ein omsetnad på 310 millionar kroner, men at dei etter tapa på blant anna Gravdal Hus sat igjen med eit overskot før skatt på rundt 4,6 millionar kroner.

– Viss vi ser vekk frå Gravdal Hus så hadde vi eit godt år i 2011, og vi tener pengar i 2012, seier Lunde.