Hopp til innhold

Fyll og bråk i Sogndal i natt

Politiet måtte i løpet av natt til torsdag rykkje ut fleire gonger etter melding om fyll og bråk i Sogndal.

Den første meldinga kom klokka 00.35 i natt. Politiet fekk då melding om at ein rusa gjest var til sjenanse på ein serveringsstad i sentrum. Politiet reiste ut og fekk snakka med den unge mannen.

Mannen som var i slutten av tenåra vart vist vekk frå staden.

Ein god halvtime seinare støtte politiet på ei jente i slutten av tenåra som drakk alkohol i sentrum. Jenta er meld for drikking på offentleg stad.

Litt før klokka 02 måtte politiet trå til igjen. Denne gongen var det ein mann i 20-åra som hadde krangla med ein annan person i sentrum som fekk skyss heim av lovas lange arm.

Også ut på morgonkvisten, klokka 05.10 måtte politiet rydde opp. Ein rusa mann som låg og sov utanfor eit hus i sentrum vart frakta heim i drosje.