Hopp til innhold

Alvorleg og ustabilt for 28-åring

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein 28 år gamal gardsarbeidar er sendt til Haukeland Sjukehus etter ein traktorvelt i Loen onsdag kveld.

Ulukka skjedde like før klokka 17 då traktoren som mannen sat i, velta på eit jorde. Politiet opplyser at traktoren byrja å skli, og skal ha velta rundt minst ein gong.

Mannen vart først frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. AMK opplyser klokka 19.30 at tilstanden til mannen er alvorleg og ustabil, og at han blir frakta vidare til Haukeland.

Den 28 år gamle mannen skal vere frå Litauen.

– Gardsarbeidaren vart skadd då traktoren velta. Det er for tidleg å seie noko om både skadeomfanget og årsaka til ulukka, opplyste Einar Vereide, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, til NRK.no i 18-tida onsdag.

Arbeidstilsynet vil rutinemessig bli varsla om ulukka.