Hopp til innhold

Mann skadd etter frontkollisjon

Ein 47 år gamal mann er moderat skadd etter ein frontkollisjon mellom ein personbil og ein lastebil på fylkesveg 614 i Bremanger.

Frontkollisjon mellom personbil og lastebil ved Eikelandstunnelen i Bremanger

FRONTKOLLISJON: Ein person er skadd etter ein frontkollisjon mellom ein personbil og ein lastebil ved Eikelandstunnelen i Bremanger onsdag morgon.

Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 08.21 onsdag morgon.

– Det har vore ein samanstøyt mellom ein personbil og ein lastebil, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulukka skal ha skjedd på Svelgensida av Eikelandstunnelen.

Det var ein person i kvar av bilane og den mannlege føraren av personbilen skal vere skadd. Vedkommande skal vere oppegåande og tilsnakkande, men politiet kan ikkje seie noko meir om skadeomfanget. Politiet opplyser at mannen i 40-åra er frakta til Sentralsjukehuset i Førde med luftambulanse.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser like før klokka 12 at den 47-år gamle mannen er moderat skadd og ligg på intensivavdelinga.

Føraren av lastebilen skal så langt politiet veit vere uskadd.

Fylkesveg 614 er sperra på staden. Klokka 09.55 opplyser politiet av bilberging er på veg. Vegen vart opna att rundt klokka 11.

Bremanger lensmannskontor etterforska ulukka. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka.

Ambulanse, luftambulanse, brannvesenet og politi vart alle sende ut til ulukkesstaden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.