Hopp til innhold

«Gud fekk ikkje pupp» på høgskulen

På heile den eine veggen i det nye høgskulebygget i Sogndal står det skrive: «Gud fekk ikkje pupp». Studentleiar tykkjer dette er bra.

Det nye høgskulebygget i Sogndal vekkjer stor merksemd, og etterkvart byrjar også folk å leggje merke til dei mange utsmykkingane i det svære huset.

På den eine kantineveggen står ein bodskap det er umogleg å ikkje få med seg, nemleg den om at Gud ikkje fekk pupp.

Gud fekk ikkje pupp

VEKKKJER OPPSIKT: Skrifta på veggen i nye kantina på Høgskulebygget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg synes det er flott, og eg trur ikkje folk vert støytte av dette. Dette handlar om at forskarar har påstått at dei som fekk morsmelk vert smartare enn andre. Men sidan Gud var først, så fekk vel ikkje han morsmelk, og han må vel seiast å vere svært klok. Det handlar om at alle kan lære, smiler leiar i studentparlamentet, Magnus Åsheim.

Svært nøgd leiar

Austlendingen på toppen av studentdemokratiet er svært nøgd med det nye bygget, der han sjølv har kontor. Bygget huser no alt frå studentkantina, via bibliotek, bokhandel, administrasjon og lærautdanninga.

– Det er klart vi er nøgde no. No har det vore drive høgskuleverksemd i Sogn og Fjordane sidan 1972, og for første gong så har det vore planlagt, teikna og bygd eit hus for høgskuleføremål. Det har vi no teke i bruk, fortel rektor Åse Løkeland.

Ho syner til at Høgskulen i Sogn og Fjordane sine avdelingar i Sogndal no er samla på ein stad, og at livet både som student og tilsett skal bli mykje enklare - og nærare.

Nært kvarandre

– Det er jo stas no når vi har fått eit bygg som er teikna for føremålet. Det som er tilfelle no er at vi kan nå alle på eit par minutt her oppe på Fosshaugane. Det er eit stort framsteg. Det er først og fremst eit hjarta i høgskulen. Her skal alle vere tilgjengelege for kvarandre, smiler Løkeland.

– Vi tykkjer det er ganske flott. Det er ei heilt ny verd, det er det. Det er litt staseleg her. Vi har ikkje fått opp alt på veggane som vi skal ha og slik, men vi ser jo at det er gjennomtenkt og det er eit ganske friskt og moderne uttrykk, seier Løkeland, som og sjølvsagt har merka seg skrifta på veggen i kantina.

– 5. september inviterer vi alle studentar og tilsette til ein open dag på bygget. Der vil og kunstnarane kome og forklare kva dei har tenkt, seier Løkeland.