Hopp til innhold

Fekk kveite på 2.20 meter og 150 kg

Jon Arne Stokke (63) fekk nesten sjokk då han skjønte kva som hadde bite på lina han hadde sett ut i Gloppefjorden. Opp kom nemleg eit beist på over to meter og 150 kilo.

Jon Arne Stokke med stor kveite på 2.20 meter og 150 kg

KJEMPEFANGST: Jon Arne Stokke måtte ha hjelp av naboen til å bli slept i land då han fekk denne kveita på kroken.

– Det første eg tenkte var, kva i all verda skal eg gjere no? fortel den erfarne fiskaren.

Allereie før han byrja å dra opp lina hadde han mistanke om at det var noko stort på kroken. Men då han med handmakt byrja hale og dra trudde han nesten ikkje på det som venta.

– Det var veldig tungt, seier han heilt utmatta etter dagens litt uvanlege fisketur.

– Det var noko digert som levde nedi der

Sidan han flytta til Rygg på Sandane i Sogn og Fjordane for snart 30 år sidan har Jon Arne Stokke vore mykje ute i båten sin på fjorden. I dag tidleg sette han ei line som han pleier, med sild på krokane litt ute i Gloppefjorden.

Utpå dagen merka han at det hadde begynt å skje noko. Blåsa hadde flytta seg så langt ut på fjorden at Stokke ana at noko stort hadde bite på.

– Eg tenkte det kanskje var ei kveite som hadde gått på, så då reiste eg ut for å sjekke, fortel han.

– Då eg byrja å trekkje merka eg at det var noko digert som levde nedi der.

Følgde med heilt opp til båten

Med rein handmakt drog han lina meter for meter opp i båten. Krokane la han fint på ripa, for å vere på den sikre sida.

– Viss kveita skulle finne på å snu og begynne å gå ned att, så var det best å halde seg unna krokane, forklarar han.

Men kveita var truleg litt sliten. Stokke fortel at lina var litt innvikla og at den store fisken truleg hadde kjempa med den ei stund før han byrja dra i lina. Etter kvart kom fisken heilt opp under båten.

Først då forstod 63-åringen kor gedigen fangs han hadde fått på.

– Det var styggtungt, så eg skjønte det var noko digert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Arne Stokke

OVER TO METER: Kveita er større enn fiskaren, og sjølv anar han ikkje kva han skal gjere med den.

Måtte slepast i land av naboen

– Eg visste jo ikkje kva eg skulle gjere, så eg ringte ein nabo og sa eg hadde fått på ei diger kveite og måtte ha hjelp.

Og naboen kom ilande til. Stokke fekk sett på to linekrokar i det digre beistet, og mens han stod slik å heldt i fisken brukte naboen sin båt til å slepe Stokka og kveita inn mot land.

– Då vi kom ganske nære land gjekk eg over i hans båt, og så fekk vi drege den opp i fjæresteinane.

– Det var litt spennande, for den var ikkje villig til å vere med oss, fortel fiskaren.

Vekta klarte det ikkje

Heilt utmatta av alt arbeidet har Stokke og naboen no etter kvart fått fisken både målt og vege. Men det er ikkje lett når fisken er så stor. Vekta som gjekk til 130 kilo vart for lita.

– Vi har prøvd på nokre forskjellige vekter, så ein stad mellom 130 og 150 kilo er den. Og 2 meter og 20 centimeter lang, seier Stokke godt nøgd.

– Ikkje noregsrekord

Sjølv om kveita er uvanleg stor er det ikkje nok til noregsrekord, seier fiskeribiolog Keno Ferter ved Universitetet i Bergen. I løpet av dei seinare åra har det fleire gonger blitt fanga kveiter på over 200 kilo.

Men Ferter seier det slett ikkje er vanleg med så store fangstar i Sør-Norge.

– Han har hatt kjempeflaks, seier Ferter og legg til:

– Det er heilt uvanleg, og i dette området er det ganske sjeldan.

Fiskeridepartementet vurderer ei freding av kveita på sommartid for å skåne den frå turistfiske, men Ferter meiner dette er feil veg å gå. I staden vil han at folk som får store kveiter skal tenkje seg om før dei tek dei i land. Dette fordi dei store kveitene er viktige for bestanden.

– Men eg gratulerer til fiskaren. Men dersom han får ein slik fisk igjen, så kanskje han kan tenkje på å sleppe den ut att, seier han.

Lurer på å selje fisken

Sjølv har Stokke aldri fått kveite på line som har vore i nærleiken av denne storleiken. For to veker sidan fekk han ei kveite på 23 kilo, og synst sjølv at det var meir enn nok.

No veit han ikkje heilt kva han skal gjere med monsterfangsten.

– Eg har jo den andre kveita som eg fekk for 14 dagar sidan, så eg har nok mat i den. Men eg håpar at det kan bli mat av denne og, kanskje nokon vil kjøpe den så eg blir kvitt den, seier han.

Uansett kva som skjer vidare med kveita blir den i kveld fotografert og foreviga på alle moglege vis. Både Stokke og dei andre som var med i få gå kveita på land har fått eit minne for livet.

– Det var spesielt, det er jo ein gong i livet dette her.

– Nei, no er eg litt utlada. Det var litt av ei oppleving og noko eg aldri kjem til å gløyme.