Hopp til innhold

Fekk 800 kilo over seg - vart lettare skadd

Ein 18 år gamal lærling vart lettare skadd etter at han fekk ei mellom 700 og 800 kilo tung trelast over seg ved Mesta sitt anlegg på E16 ved Maristova i Lærdal.

Arbeidsulukke ved Maristova.

SKADD: Arbeidsulukka skjedde på E16 ved Maristova i Lærdal.

Foto: Privat

Politiet opplyser at ein arbeidar skal ha fått tremateriale over seg. Tenåringen skal etter det NRK kjenner til ha vore fastklemd og medvitslaus etter ulukka.

Etter kring ein halvtime opplyste AMK at mannen var frigjort. 18-åringen skal ha gått til luftambulansen for eiga maskin før han vart frakta til Førde sentralsjukehus.

– Ein kran løfta ein stabel med forskalingsflak, då ein av arbeidarane fekk dette utover seg, opplyser prosjektleiar Oddvin Ylvisaker til NRK.no.

Ramla ein meter

Det går føre seg vegarbeid i området. E16 skal utvidast og delvis leggjast i ny trase. Anleggsarbeidet omfattar kring 11.000 meter og kostar 770 millionar kroner.

Luftambulanse, ambulanse og politi rykte ut til ulukkesstaden etter melding om ulukka klokka 1447.

Politiet har fått beskjed om at den samla tyngda på lasta skal vere mellom 700 og 800 kilo.

– Dei arbeidde med å sette opp eit stillas i samband med brubygging. Ein palle med dekke til stillaset vart heisa opp, men ein stropp skal ha sklidd av slik at lasten ramla. Vi får opplyst at lasten skal ha ramla kring ein meter ned på han, seier Inge Værøy, operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Til kontroll

Arbeidstilsynet vil rutinemessig bli kopla inn i saka. AMK opplyser i 19-tida at 18-åringen ligg på intensivavdelinga med lettare skader.

At mannen slapp heldig ifrå arbeidsuhellet skal vere sikkert.

– Mannen vart i alle fall treft i skulderpartiet, men gjekk sjølv til luftambulansen. Det har vore krefter i sving, så han blir sendt til sjukehus for kontroll, seier Værøy.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.