Hopp til innhold

I bilulukke med stolen bil

To menn får medisinsk tilsyn etter ei bilulukke ved Lote. Bilen dei køyrde var stolen, og begge var rusa.

Trafikkulukke på Lote

SKADDE: To personar sat inne i denne bilen då den hamna utfor vegen ved Lote.

Foto: Øystein Torheim

To menn vart sendt med luftambulanse til sjukehuset i Ålesund etter at bilen dei sat i hamna utfor vegen på E39 ved Årskogvika Camping ved Lote i Eid kommune.

Ved 22-tida opplyser Helse Møre og Romsdal at dei to er moderat skadde og stabile.

Legane er ikkje ferdige med sine undersøkingar, men det er klart at dei begge har skader i hovudet.

Deira pårørande er så langt ikkje varsla om ulukka.

Rusa i stolen bilen med stolne skilt

Det syner seg at bilen dei to køyrde, var stolen på Sandane tidlegare i veka. Bilskilta var stolne frå ein annan bil på Sandane.

Det er teke blodprøver av dei, for det er mistanke om at dei har køyrd i rusa tilstand.

Eid og Gloppen lensmannskontor skal stå for den vidare etterforskinga.

Lyktestolpe ved trafikkulukke på Lote

SPOR: Ein lyktestolpe vart reven ned på bilen si ferd ut av vegen.

Foto: Øystein Torheim

Dei to vart frakta til Ålesund med luftambulanse. Den eine er i slutten av 20-åra, den andre i byrjinga av 30-åra. Begge er heimehøyrande i Nordfjord.

På si ferd ut av vegen har bilen reve med seg ein lyktestolpe, opplyser vitne på staden til NRK.no.

– Mannskap frå politi, brann og ambulanse rykte straks ut då dei fekk melding om ulukka klokka 18.56, fortel operasjonsleiar Leif Bell ved politiet sin operasjonssentral.

Ulukka skjedde omlag 700-800 meter frå ferjekaien på Lote, og bilen kom frå Nordfjordeid.

Trafikkulukke ved Lote

ØYDELAGT: Bilen har fått hard medfart på si ferd utfor vegen på E39.

Foto: Øystein Torheim