Hopp til innhold

Stort steinras dundra i vegen

Eit steinras stengjer no eine køyrefeltet på fylkesveg 614, om lag 400 meter før avkøyring til Nordalsfjord i Flora kommune.

Ras ved Nordalsfjord

RASA NED: Steinane sperrar det ein køyrefeltet på fylkesveg 614.

Foto: NRK.no-tipsar

Steinras på fylkesveg 614 ved Norddalsfjorden

VAKTER: Trafikken blir dirigert forbi rasstaden. Det er passasje i det eine køyrefeltet.

Foto: Torje Bjellas / NRK

Tor Åge Bergli kom køyrande rett etter at raset hadde gått.

– Hadde ein vore der då det skjedde, hadde ein nok hatt eit stort problem no. Men for oss gjekk det greitt å køyre forbi på andre sida.

Steinblokk på opp mot ti tonn

Han seier det ser ut som steinane har sklidd ut av ein eller annan grunn. Ingen skal ha blitt trefte av steinane som kom ned omlag 400 meter aust for Haukåtunnelen.

Etter det NRK.no forstår skal den eine steinblokka vere på opp mot 20 kubikk - og vere mellom åtte og ti tonn tung.

– Det første vi no må gjere er å rydde litt i vegbana, og sprengje dei største blokkane. Vi må pulverisere dei og og frakte dei bort, seier Skule Jacobsen i Statens vegvesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras på fylksveg 614 ved Norddalsfjord
Foto: Torje Bjellaas / NRK

«Rikeleg» med trafikk på staden

Vegvesenet reknar med å ha rydda på staden i løpet av kvelden. Etter alt å dømme vil vegen stort sett vere open med manuell dirigering, men det vil vere behov for stenging på mellom ein halvtime og ein time medan sprengingsarbeidet pågår.

– Er det fare for meir ras?

– Det står meir igjen av skjæringa, så vi passar no på at ingen skal køyre inn i området. Så skal vi reinske ned noko meir stein når vi først er i gang, seier Jacobsen.

Ifølgje NRK.no sin reporter på staden er det «rikeleg med trafikk» forbi rasstaden. Han meiner det er eit under at ingen vart tekne av raset.

Trur ikkje det kjem meir

Steinras ved Haukåtunnelen

Dette steinraset stengde vegen ved Haukåtunnelen måndag føremiddag.

Foto: NRK.no-tipsar

Trafikken kan førebels gå som normalt i det andre køyrefeltet, men den blir dirigert. Ifølgje politiet har raset kome i ei kurve som gjer det farleg for ferdselen.

Måndag kom det ein del stein ned i vegbana ved Haukåstunnelen. Vegen var stengd medan oppryddinga pågjekk.