Hopp til innhold

Sognedialekt i Pondus

Frå komane veke kan du få teikneserien Pondus med både sognedialekt og sunnfjorddialekt.

Pondus: Eliteserien

NO PÅ DIALEKT: Pondus.

Foto: Egmont Serieforlaget/Pondus.no

Den populære teikneserien skal no kome ut med fire ulike språkversjonar, alt etter kvar du kjøper bladet. Og i den vestnorske versjonen blir det både sognedialekt og sunnfjorddialekt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Øystein Vangsnes

GREIDDE IKKJE SEIE NEI: Øystein A, Vangsnes.

Foto: Lars Nes

Sognamål og sunnfjorddialekt

Det er sogningen og språkforskaren Øystein A. Vangsnes som har fått oppdraget med å omsetje boblene til dialekt, og han tek sjølv omsetninga til nordnorske og vestnorske dialektar.

Vangsnes arbeider ved Universitetet i Tromsø, og han fortel at sjølv om han har mykje å gjere greidde han ikkje å seie nei til eit slikt oppdrag, men han måtte delegere den midtnorske og den austnorske versjonen til andre.

– Dei ulike typane har fått ulike dialektar i dei regionale versjonane. I den vestnorske versjonen er det Camilla og Påsan som snakkar sognamål, Ivar og Hugo snakkar sunnfjorddialekt, og så er det nokre andre vestnorske dialektar og, mellom anna bergensk.

(Artikkelen held fram under biletet).

Frode Øverli

SKAPAREN AV PONDUS: Frode Øverli.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Kanskje «lakabodl»

– Kan du gje oss nokre døme på dialektord herifrå som kjem i Pondus?

– Ja, det kjem inn eitt og anna sogneord, som «øye», og kanskje det står «lakabodl» ein plass, men elles er det stort sett lagt vekt på å finne ei form som viser at det er sognemål i snakkeboblene.

Vangsnes vedgår at det har vore lettare for han å gje farge til dei som snakkar sognedialekt enn dei som brukar sunnfjorddialekt.

– Sunnfjordversjonen ser nesten ut som rein nynorsk når du les det. Der får du ikkje den dialekteffekten ut av det.

– Trur folk vil like det

– Men er det rett av ein språkforskar å tulle slik med dialektar?

– Vi må kunne tulle med alt. Vi får iallfall litt blest omkring dialektane og lokale variasjonar.

Vangsnes er spent på korleis dette blir motteke.

– Men eg trur folk kjem til å like det, eg satsar på det.