Ordførar Anders Ryssdal har tidlegare i dag uttalt seg til NRK. Der sa ordføraren at dei ønskjer å behalde ettermiddagsflyet sitt, men då mistar Sogndal lufthamn ei direkterute.
– Dette er illojalt og i strid med Ryssdal sjølv har vor med å vedteke i Fylkesutvalet, seier Djuvik i ei pressemelding.
Bakgrunnen for saka er at Widerøe har vald å bryte konsesjonsvilkåra i sitt ruteopplegg frå 1. september. Dette gjer dei ved å kutte ei direkterute frå Sogndal til Oslo, og heller ha ei rute som skal gå om Sandane.
- LES OGSÅ:
Fylkesutvalet: Ruta skal oppretthaldast
Fylkeskommunen har i si høyringsuttale stilt krav om at direkteruta skal oppretthaldast.
Djuvik seier at Anders Ryssdal sjølv ein av dei som var med å utforme framlegget frå Fylkeskommunen då dette vart utarbeida i Hovudutval for samferdsle og han stemde for framlegget i både samferdsleutvalet og når det vart endeleg vedteke i Fylkesutvalet.
Vil ikkje godta dette
Djuvik meiner at det Ryssdal og Senterpartiet gjer er å bryte med det vedtaket Fylkeskommunen har fatta, ved at dei no plutseleg seier at det er greitt at Sogndal misser ei direkterute.
– Dette syner at Senterpartiet ikkje er til å stole på, Eg er oppteken av eit best muleg tilbod på alle flyplassane i fylket, men vi kan ikkje ha det slik at vi skal godta brot på konsesjonsvilkåra i Sogndal, for å styrkje Sandane, seier Djuvik.