Hopp til innhold

Stal utstyr og verktøy for 50.000 kroner

Tjuvar braut seg i helga inn i klubbhuset på Jotun stadion. Der tok dei speakerutstyr og verktøy til ein verdi av 50.000 kroner.

Jotun stadion

TOK SEG INN: Truleg har tjuvane teke seg inn gjennom eit vindauge i klubbhuset på Jotun stadion.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

–Tjuvane har reist med det meste av det som var låst inn på det nye stadionbygget. Til og med speakeranlegget som kommunen eig, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland, til Sogn Avis.

Arne Hovland

TRIST: Idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland, tykkjer det er trist at slikt skjer.

Foto: Arne Hovland / NRK

Han melde saka til politiet måndag morgon.

– Eit slikt anlegg vil eg tru kosta opp mot 30.000 kroner. Alt forsvann, både forsterkar, høgtalarar og cd-spelar. Også fleire boremaskiner, kabeltromlar og anna utstyr forsvann, seier Hovland.

Trur det har skjedd mellom laurdag og måndag

Han trur innbrotet må ha skjedd mellom klokka 11.00 laurdag og 08.000 måndag, for i det tidsrommet var det nemleg ikkje folk på dugnad.

Hovland trur tjuvane har komme seg inn gjennom eit vindauge.

– Dei har mest truleg klart å drika opp denne for å komme seg inn, og eg vil tru det har skjedd i løpet av natta fordi det er naboar som har utstyn mot bana, og fordi ein må ah bil for å frakte det tunge utstyret med seg, seier Hovland til avisa.