Hopp til innhold

Har registrert ni bakromstjuveri på ei knapp veke

Mellom 22. og 27. juni har politiet registrert ni tilfelle av bakromostjuveri i Høyanger og Førde. Ein godt vaksen mann, busett i området, er pågripen for tjuveria.

Kollage Tvinde og restaurant

KJENNING: Mannen som no er pågripen for dei ni tilfella av tjuveri, er ein såkalla kjenning av politiet, stadfestar lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde. Til høgre er restauranten Dolly Dimples i Førde der mannen vart teken på fersken.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er avisa Firda som skriv om saka.

Tre av tjuveria som er melde har skjedd i Høyanger, medan dei andre seks har skjedd i Førde.

– Dette er sakene som er registrerte førebels, men talet på tjuveri er truleg høgare, seier lensmann ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Jan Egil Tvinde til Firda.

Har aldri opplevd noko så frekt

23. juni tok mannen seg inn på pauserommet på pizzarestauranten Dolly Dimples i Førde og forsynte seg godt i lommebøkene til dei tilsette.

– Han har gått tvers gjennom restauranten og inn på pauseromet utan at nokon av oss har sett det. Det er så frekt at det mest ikkje er til å tru, sa dagleg leiar ved Dolly Dimples i Førde, Line Veronica Dvergsdal Kilnes, til NRK.no like etter hendinga.

Til alt hell vart mannen oppdaga under vaktskiftet. Dermed hadde ein eit godt signalement å gi politiet, og mannen vart raskt pågripen av politiet etterpå.

Tok både pengar og mobilar

Men han har tydelegvis ikkje lete seg skremme av det, sidan tjuveritoktet heldt fram heilt til 27. juni, fire dagar etter.

– Personen har teke seg inn på arbeidsplassar i dei to kommunane og stole mellom anna pengar og mobilar frå dei tilsette, seier Tvinde.

Takka vera gode skildringqar frå vitne og andre funn, er mannen varetektsfengsla i fire veker. Mannen har ei lang siktig på seg, og må belage seg på å sone ein fengselsdom.

Må ta slike saker på alvor

Tvinde understrekar at slike saker må takast på alvor.

– Med omsyn til innbyggjarane er det viktig å forhindre og setje ein stoppar for slik kvardagskriminalitet, seier Tvinde.