Hopp til innhold

Kristenleirane like populære som før

Dei kristne barne- og ungdomsleirane er minst like populære som før, trass tevlinga med internett og andre aktivitetar.

– Vi hadde to stasjonar med mange aktivitetar, så var det ei slik tevling på slutten der vi skulle gå opp i ein glatt bakke med såpe på. Det var veldig vanskelig, for alle som var på lag skulle halde saman, fortel gjengen med elleve år gamle venninner frå Sogndal.

Saman med kring 40 andre jamnaldrande er dei på kristen barneleir på Lyngmo på Hafslo.

– Treff noko hos dei unge

Der er dei utan tilgang til mobil eller internett, men med uavgrensa mengder frisk luft og leik inne og ute.

– Facebook brukar dei vel stort sett dei andre dagane i året, så tre dagar utan går nok veldig bra. Det er heilt tydeleg at det er eit behov, rett og slett. Vi opplever jo ventelister på nokon av leirane her. Det er eit sterkt ønskje om å kome i saman. Så eit eller anna treffer vi hos ungane, fortel friviljug og leirsjef Leidvin Vangestad.

Saman med dei fast tilsette og andre frivillige held han styr på ungane. Og dei vert stadig fleire.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leik og moro på Lyngmo.

KJEKT I LAG: Samvedj, Anna, Anne Eline og Marta frå Sogndal stortrivst i lag på leir på Lyngmo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Opplever vekst

Dei kristne leirstadene her i fylket opplever at det er minst like populært som før å møtast nokre dagar der kvardagsmaset er bytt ut med aktivitetar og ein god dose kristen bodskap.

– Vi opplever ein auke i søkjarmassen til leirane våre. Det skulle ein kanskje ikkje tru slik samfunnet vårt har blitt, fortel Ottar Tonheim, som i mange år har vore sentral i drifta av Teigen leirstad i Eikefjord.

Også dei andre leirstadene NRK har vore i kontakt med fortel om stadig populære leirar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leir på Lyngmo

GODT NØGDE: Kjetil Stautland, Siw Anita Loka Berget og Leidvin Vangestad på Lyngmo gler seg over utviklinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Bodskapen er viktig

Tilbake på Hafslo er det tid for rominspeksjon etter middagen.

– De har jo til og med reidd opp sengene. Så bra! seier Siw Anita Loka Berget til jentene som deler rom.

Ho er utdanna sosionom og er tilsett som barne- og ungdomsarbeidar på Lyngmo og gler seg over at dei kristne leirstadene held stand i kampen om tida til dei unge. For ho er også bodskapen dei formidlar svært viktig.

– For min eigen del så kjenner eg jo på at eg har lyst at folk skal kjenne Jesus. Den sosiale fellesskapen vi opplever her betyr så mykje. Det viser så mykje av Jesus gjennom den.

Avnhengig av dugnad

Det er dei ulike misjonsorganisasjonane som eig leirplassane, og på Hafslo står Norsk Luthersk Misjonssamband og Sogn og Fjordane Indremisjon saman om drifta.

Dagleg leiar Kjetil Stautland fortel at dei er avhengig av inntektene frå turistar om sommaren. Men ein stor dugnadsinnsats er minst like viktig.

– Vi er heilt avhengige av å kunne drive på denne måten om vi skal kunne gje ungane det tilbodet som vi har no.

– Kjekt utan foreldre

Romvenninne Samvedj, Anna, Anne Eline og Marta synest iallfall det er kjempekjekt å dra på leir, og dei veit godt kva som er det viktigaste for dei.

– Det er å lære om Gud og Jesus, og å få vere med venene utan foreldra. Få mange nye vener og bli kjend med folk, smiler 11-åringane.