Hopp til innhold

No går trafikken som normalt igjen

No går trafikken som normalt igjen på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes.

Mannheller ferjekai

KØ: Det er tydelegvis mange som skal heim etter årets Sognefjord Cup. På ferjestrekninga mellom Manheller og Fodnes var det tidlegare i dag opptil to timar med ventetid. (Arkivfoto)

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er tydeleg at dei mange som har delteke på Sognefjord Cup i Sogndal i helga no er på veg heim igjen. Det merka mange som skulle ta ferje i ettermiddag.

Nesten to timar med ventetid

Tidlegare i dag har det vore nesten to timar med kø på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes, men no har det roa seg betrakteleg.

– No går trafikken som normalt igjen og det skal ikkje vere noko kø å snakke om. På ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal kan det vere litt ventetid, men det skal ikkje vere meir enn ein halvtime, fortel Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen.

Inga kø mellom Dragsvik og Vangsnes

På ferjesambandet som går mellom Dragsik, Vangsnes og Hella er det heller ikkje noko kø akkurat no.

– Der har det vore sett inn ei ekstra ferje og der går trafikken som normalt, seier Erikstad.