Hopp til innhold

Ver glad for regnet som kom i helga, for snart vert det tørt

Mange stadar i Sogn og Fjordane var det ei regnful helg, men det regnet kan kome godt med. Snart vert det nemmeleg tørrare.

Målestasjonen i Botnane

REGN: Det har regna kraftig fleire stadar i fylket i helga. I Botnane kom det nesten 60 mm på 18 timar, men regnet kjem godt med. Snart skal det bli tørt. Lenge.

Foto: Rune Nordbotten

Det har vore ein forholdvis tørr juni månad og fleire plassar var nedbøren som kom i helga svært etterlengta.

Nesten 60 mm på berre 18 timar

I Botnane i Bremanger hadde dei før helga berre hatt 35 millimeter nedbør på ein og ein halv månad. Det vart det forandring på natt til laurdag.

– På 18 timar fekk vi 57,5 millimeter nedbør, så det var ganske heftig, fortel Rune Nordbotten.

På målestasjonen til Nordbotten talar tala for seg. Juni månad i år har vore den femte tørraste juni på 35 år.

– Nei det er ikkje ofte det er så tørt, men juni månad i 2007 og 2009 var faktisk tørrare, fortel Nordbotten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hageparty

SOL: Vêret som var då Rune Nordbotten var gjest i ettermiddagssendinga i NRK Sogn og Fjordane står i stor kontrast til vêret han opplevde i helga.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Nye fine sommardagar i vente

Vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid let seg også imponere over mengda med nedbør som kom i Botnane.

– Vi har hatt meir nedbør på kortare tid fleire gongar tidlegare, men det er ikkje noko å kimse av med nesten 60 millimeter nedbør på 18 timar heller, seier Fagerlid.

Nedbøren vil også kome godt med trur meteorologen som spår ein juli månad som vil likne ganske mykje på den vi hadde i juni.

– Dei fyrste par dagane i juli vil det nok framleis henge igjen nokre byger, særleg på måndag. Tirsdag og onsdag er det og små moglegheiter for nokre drypp, men utover i veka får vi finare vêr fortel, Fagerlid.

Varmare temperatur til helga

Temperaturen vil også stige jamnt og trutt utover veka og når helga kjem ser det retteleg så bra ut.

– Det ser veldig bra ut. Nesten skyfritt og temperaturar opp i 25 grader og heller ingen nedbør, seier ein fornøgd Fagerlid.

Tørt så langt prognosane går

Dei siste dagane med nedbør vil nok kome godt med, for på prognosane til meteorologane ser det ut til av vi går nok ein tørr månad i vente.

– Frå fyrstkomande torsdag av så er det ingen nedbør i vente i våre prognosar. Juli ser eigentleg veldig bra ut og på månadsprognosa for juli ser det tørt ut, men også litt kaldare. Litt slik som vi har hatt i juni, seier Fagerlid.

– Det er berre flott

På målestasjonen til Rune Nordbotten er det også god stemning når det er slike meldingar i vente.

– Jorda hadde bruk for litt regn no. Då eg var ute med traktoren laurdag kveld var jorda like fast og fin, så ho toler litt meir nedbør. Får vi ein tørr og fin fortsettelse på juli no så er det berre flott, seier Nordbotten.