Hopp til innhold

Kvinne omkom etter fall i foss

Ei 60 år gamal britisk kvinne er funnen død etter at ho fall ut i Myrdalsfossen langs Rallarvegen i Aurland kommune.

Ulukke i Myrdalsfossen

STOR AKSJON: Alt tilgjengeleg mannskap blei kalla ut for å prøve å redde kvinna.

Foto: NRK.no-tipsar

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15:08. Ho var på sykkeltur ilag med ektefellen frå Myrdal mot Flåm.

– Dei sykla ilag nedover og brått ser han at kona fell av sykkelen. Ho endar i eitt bratt snøparti og sklir ned mot fossen. Det er eit fall på fleire ti-meter, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem hos politiet til NRK.no.

Den omkomne kvinna blei etterkvart lokalisert i elva og luftambulansen ho opp frå elva klokka 16:40.

Ulendt terreng

Myrdalsfossen

MYRDALSFOSSEN: Ulukka skjedde i Myrdalssvingane, like nedanfor Myrdal stasjon.

Foto: NRK.no-tipsar

Ulukka skjedde i ulendt terreng ved Myrdalssvingane, ein kilometer frå Myrdal stasjon. Kvinna blei funnen lenger nede i elva.

– No skal vi etterforske saka vidare, seier Harlem.

Stor redningsaksjon

Luftambulansen, Sea King, Røde Kors, brannvesen, ambulanse, Norske redningshundar og Hafslo alpine redningsgruppe rykka ut til staden då meldinga om ulukka kom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ei kvinne er funnen død etter at ho fall ut i Myrdalsfossen langs Rallarvegen i Aurland kommune.

SJÅ VIDEO: Det er bratt og ulendt der kvinna ramla uti fossen.

Ulukke ved Myrdalsfossen

VANSKELEG OMRÅDE: Ein redningsmann frå luftambulansen henta opp kvinna.

Foto: Marius Moldvær

Det er høge fjell i området, noko som har gjort kommunikasjonen vanskeleg. Det var personar på Myrdal stasjon som meldte frå om ulukka.

– Det er dårleg dekning i området, seier operasjonsleiar Olaug Holme.

– Var det ein vanskeleg redningsaksjon?

– Det er veldig bratt og ulendt å komme til, så difor måtte redningsmann i luftambulansen heisast ut for å hente kvinna opp.

Ektemannen teken vare på

Luftambulansen ved Myrdal

HENTA KVINNA OPP: Det var redningspersonell i luftambulansen som fekk kvinna opp av elva.

Foto: Marius Moldvær

Ektemannen blir no teken hand om av helsepersonell og politi. Den omkomne kvinna blir frakta til sjukehuset i Lærdal.

Det er omlag 20 kilometer frå Myrdal stasjon og ned til Flåm. Kvart år syklar mange tusen den populære turen langs Rallarvegen. Myrdalssvingane ligg like etter togstasjonen har og 21 krappe svingar.

Grus er truleg vaska vekk

Det er Jernbaneverket som eig Rallarvegen.Prosjektleiar Hallvard Steen-Hansenseier til bt.no at vegen blir rusta opp litt kvart år.

– I løpet av vinteren har det nok blitt vaska vekk ein del grus. Men det er gjerder langs deler av vegen og eg kan berre komme på ein stad der ein kan falle ut, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.