Hopp til innhold

Sparar millionar på felles bankavtale

Florø, Førde, Jølster, Gaular og Naustdal har i dag inngått ein felles bankavtale. Samanslåinga betyr betre bankvilkår og fleire millionar sparte kroner.

Fem kommunar inngår felles bankavtale

FELLES BANKAVTALE: Rådmennene i Florø, Førde, Jølster, Naustdal og Gaular inngjekk i dag ein felles bankavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Ingvild Nave / NRK

- Eg kjenner ikkje til noko anna tilfelle der så mange kommunar har fått til eit slikt samarbeid, seier rådmann i Flora kommune, Terje Heggheim.

Det er vanskelegare for enkeltkommunar aleine å få gode bankavtalar. Gjennom ei samkøyring av banktenester blir kommunane med eitt ein mykje større kunde, med meir pengar på bok. Det gjer dei meir attraktive som kundar.

– Fleire store bankar har kome med langt betre tilbod enn vi kunne fått kvar for oss, noko vi merkar godt. Det er ikkje ofte rådmenn får føle seg så attraktive som dette, seier rådmann i Flora kommune, Terje Heggheim.

Sparar seks årsverk

Ikkje berre får kommunane betre vilkår som storkunde, men dei sparar også pengar.

– Vi har rekna ut at kommunane til saman vil spare omlag seks årsverk. Det er ganske mykje med tanke på at eit årsverk ligg på minst 500.000 kroner, seier Heggheim.

Store bankar kom med tilbod

Konkurransen har vore hard mellom bankane, men til slutt vann Sparebanken Sogn og Fjordane anbodet.

Både regionale og nasjonale bankar har kome med tilbod til kommunane.

Kritieria kommunane har sett på i utveljingsprosessen er pris, service-, teknisk- og rådgjevningstilbod og cash management.

– Sparebanken Sogn og Fjordane kom med det beste tilbodet. Fleire av oss har brukt dei som bank før, men dei fekk ikkje noko gratis i denne anbodsrunda. Det var reell konkurranse mellom bankane heilt til slutten, seier Heggheim.

Effektivisering

Rådmannen meiner kommuneøkonomi også må effektivisere seg på lik line med andre område og sektorar.

– Kommunane er vande til å måtte snu på kvar ei krone. Dette er ei fornuftig effektivisering, som gjer at midlane vi sparar kan nyttast på for eksempel skule og velferd i staden, seier Heggheim.

- Ei viktig kontrakt

Sparebanken Sogn og Fjordane for på si side auka sin utlånskapasitet gjennom å ha pengane frå dei fem kommunane i sin bank.

– Dette er ein viktig kunde for oss. Dei har betydelege innskot i banken, som er viktig for at vi skal kunne ha kapital til gode prosjekt i fylket, seier banksjef bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund.