Hopp til innhold

Populær turistveg øydelagd av ras

Kvar sommar går 15.000 turistar vegen opp og ned frå høgdegarden Sinjarheim i Aurland. No hastar det å få den rasøydelagde vegen klar til sesongen.

Øydelagd veg til Sinjarheim

UTFORDRANDE: Det er mogleg å passere rasstaden til fots, men uråd å komme forbi med kløvhest.

Foto: Noralv Distad

– Det er viktig å få gjort dette før sesongen. Fotturismen er i gang om ikkje så lenge, seier Noralv Distad til Sogn Avis.

Han er ordførar i Aurland, og har sjølv dokumentert skadane på den populære turistvegen i kommunen. Bileta talar sitt tydelege språk – og no skal saka opp i formannskapet:

I løpet av vinteren har stein og vatn gjort stor skade på vegen.

Vegen er populær hos turistane

– Det er råd å passere til fots. Men når jordbruksskulen skal på stølen i sommar, kjem dei slik vegen er no ikkje fram med kløvhest, seier Distad til NRK.no.

Vegen opp til høgdegarden Sinjarheim går gjennom svært bratt terreng, og det er ikkje uvanleg at det går ras av denne typen på staden.

– Vegen er veldig mykje nytta, både av lokale folk og av turistar. I løpet av sommaren går 15.000 turistar denne vegen, seier Distad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den øydelagde vegen til Sinjarheim

JOBBAR MED SAKA: Aurland-ordførar Noralv Distad håpar kommunen kan få ordna vegen til turistane kjem for fullt.

Foto: Noralv Distad

Håpar på snarleg løysing

Formannskapet i Aurland skal no sjå nærare på korleis dei skal utbetre vegen, og kor mykje dette vil koste.

– For meg ser det ut for at det er naudsynt med litt sprenging. Alternativet er ei bru eller nytt fundament og mur, seier Distad.

Ordføraren håpar å finne ei snarleg løysing, slik at vegen er klar for turistsesongen.

Øydelagd veg til Sinjarheim

MYKJE STEIN OG VATN: Slik ser vegen til Sinjarheim ut etter vinteren.

Foto: Noralv Distad