Hopp til innhold

Stal airbagar på rekke og rad

Frekke tjuvar har i løpet av natta teke seg til rette i fire bilbutikkar som ligg på rekke og rad. Tjuvane har gått etter ein ting: airbagar.

Video 57d33814-58cd-4402-b065-62e8363fe8f0.JPG

BORTE VEKK: Ved å knuse seg inn i bilane fekk tjuvane tilgang på airbagane. Over 10 bilar fekk ubedne gjester på besøk i løpet av natta.

– Dette er dyktige karar som veit kva dei er ute etter, seier Stein Vidar Vie som er dagleg leiar ved Toyota Førde.

Beskjeden han fekk i dag tidleg var langt frå hyggjeleg. Fem bilar står att med knuste ruter og utan airbag i rattet. Det same har skjedd ved to andre bilforretningar berre meter unna.

– Dette er ikkje lokale heltar. Dette er truleg folk frå ein organisert bande som veit kva dei er ute etter, seier Vie til NRK.no.

Politiet hadde like før klokka 10 ikkje full oversikt over kor mange bilar det er snakk om som har vore utsett for innbrot, men det er minst snakk om 12 bilar.

Det er gjort innbrot på Frydebø Bilsenter, Riko Førde og Toyota Førde. Dei tre bilforretningane ligg på Halbrendsøyra med nokre få meter mellom.

I løpet av føremiddagen har politiet også fått melding om at det er gjort innbrot i ein bil ved Opus AS, berre meter frå Toyota Førde.

Tok bilar som stod godt synleg

Det var den første som kom på jobb ved Toyota som oppdaga at noko ikkje var som det skulle. Tre av bilane som no manglar airbag stod parkerte like ved hovudinngangen til bilforretninga.

Inngangspartiet er opplyst og ligg berre vel 15 meter frå riksveg 609.

– Vi hadde nye bilar som står meir skjult enn desse. Men det at dei tok føre seg av dei bilane som stod heilt oppi vegen kan tyde på at dei ikkje har nokre hemningar, seier Vie oppgitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politiet etterforskar innbrot i fleire bilar i Førde

SIKRAR SPOR: Daniel Stenvig frå politiet var fredag føremiddag på plass for å sikre seg spor.

Foto: Juliane Kravik / NRK

– Trasig og ekkelt

Han seier det var veldig utriveleg og ekkelt å ha denne typen gjestar på besøk.

– Det er trasig. Fire av bilane var splitter nye, den eine av dei trur eg faktisk kom hit i går, seier Vie.

– Den siste bilen er ein kundebil, og denne kunden synst sjølvsagt dette var leitt, seier han vidare.

Knuste seg inn

Metoden den eller dei som har vore på besøk har nytta seg av er enkel. Dei har knust seg inn eit vindauge før dei har plukka ut airbagen som ligg i rattet. Ratta står att som eit lite krater.

– Dei har også klypt av leidningsnettet, forklarar Vie.

Prisen på ein ny airbag ligg på mellom 6000–8000 kroner, fortel Vie. Det er gjort skader for minst det dobbelt per bil.

– Det er snakk om skader for mellom 15 000 og 25 000 kroner per bil, seier Vie til NRK.no.

I fleire av bilane har tjuvane knust seg inn i dei minste vindauga, noko som gjer at det ikkje er så lett å oppdage det dersom ein berre ser kjapt på bilen frå litt avstand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbrot i bil på Riko i Førde

KNUST: Tjuvane har knust seg inn gjennom dei små vindauga. Dette gjer at det er vanskelegare å oppdage tjuveriet.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Vindauge og lås

Gunn Kristin Dalseth

LÅS: Seljar Gunn Kristin Dalseth ved Riko Førde seier tjuvane har arbeidd på forskjellige måtar.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Også dei tilsette på Riko Førde fekk seg ein utriveleg start på dagen. Bilbutikken har hatt innbrot i åtte bilar, og tjuvane har brukt forskjellige måtar på å kome seg inn i bilane på.

I tillegg til dei åtte bilane der tjuvane har klart å få med seg airbagane, har dei også prøvd seg på ytterlegare to.

– På nokre av bilane har dei knust ruter, på andre har dei brote seg inn via låsen, forklarer seljar Gunn Kristin Dalseth ved Riko til NRK.no.

Politiet ber om tips

Han har høyrt om liknande tjuveri på Austlandet, og har tenkt tanken på at dette også kunne skje på desse kantar.

– I mitt stille sinn har eg tenkt at det skjer her og ein dag, og den dagen vart i dag, seier han.

Politiet er fredag føremiddag på plass for å gjere sine undersøkingar. Dersom du har tips i saka kan du ta kontakt med politiet på telefon 02800.

Utanlandske bandar

Tjuveri av airbagar er ikkje uvanleg frå norske bilforretningar. Aktuell Sikkerhet skriv at dei første meldingane om denne typen tjuveri kom allereie i slutten av 2006.

Det er utanlandske bandar som har spesialisert seg på det å ta ut airbagar, og som seinare smuglar dei ut av landet og sel dei vidare.

Vie ved Toyota Førde seier han i løpet av morgontimane har varsla dei andre bilforretningane i Førde, i tillegg til Toyota sine butikkar i både Sogn og Nordfjord.

Sjå video:

Video d81223b9-586e-4120-b7e2-3099658f3429.JPG

Politi sikrer seg bevis