Hopp til innhold

Slik vil den nyvalde leiaren sikre framtida til fjordhesten

Fjordingen er ein av verdas eldste hesterasar, men over fleire år har det blitt stadig færre fjordhestar her til lands.

Fjordhest og Janne Seilen

HAR TRU PÅ FRAMTIDA: Leiar Janne Seilen i Norsk Fjordhestlag trur at det må satsast mykje på rekruttering.

Foto: Kjell Arvid Stølen og Harald Kolseth/NRK

Janne Seilen er nyvald leiar i Norges Fjordhestlag og vil jobbe for å fremje interessa for fjordhesten.

– Vi treng nye brukarar av denne hesterasen og no vil satse på rekruttering. Eg trur vi treng modernisering av systemet slik at vi famnar om fleire brukarar, seier ho.

No kjem det berre 200 fjordhestar til verda i året, og rasen er komen på lista over utryddingstruga husdyrartar. Lenge har folk vore uroa for framtida til rasen som vert rekna som Norge sin nasjonalhest, og utviklinga verkar ikkje å snu.

Les om fjordhesten og avl i Fylkesleksikonet

Fjordhesten sitt mekka

I helga blir den årlege hingsteutstillinga i Eid arrangert. Nordfjordeid har blitt kalla fjordhesten sitt mekka, for bygda har lange hestetradisjonar og den første utstillinga den gjekk av stabelen allereie i 1886.

Hingsteutstillinga er ein festdag for mange og i dag har flagga gått til topps i bygda.

Trur på yngre krefter

Seilen meiner meir aktivitet vil leggje grunnlaget for avl og det må jobbast med å skape etterspurnad etter fjordhest i marknaden. Seilen trur også at yngre folk i styre og stell vil vere til god hjelp i åra framover.

– Det nye styret har låg gjennomsnittsalder. Eg trur dette er positivt, for det vi er mange unge som driv med fjordhest i dag.

– Har det vore for mange gamle karar med tidlegare?

– Ja, men dei sit med så utruleg mykje kunnskap og er veldig viktig for fjordhesten. No har vi fått ei god blanding av folk og det er optimalt. Dette kan bringe oss framover, trur ho.

Laurdag held utstillinga fram med mønstring, opptog og show på Nordfjordeid.