Hopp til innhold

Gamalt bygningsmiljø treng tiltak

I det gamle og verna bygningsmiljøet på Lærdalsøyri er ein del av bygningane i ein slik tilstand at det må strakstiltak til.

Lærdalsøyri - naust og sjøhus

TRENG STRAKSTILTAK: Det store naustet på Løytnantsbrygga må det gjerast noko med.

Foto: Arild Nybø / NRK

Fagrådet for Lærdalsøyri var før helga på synfaring saman med kommunestyrepolitikarane i Lærdal. Dei fann tre bygnignar som det må gjerast noko med snarast, skriv Sogn Avis.

Aktuelt å stenge gata

Det er to bygningar i Gamlegata og eit stort naust på Løytnantsbrygga. Mellom anna er det fare for at takstein kan falle ned i gata.

– Her går det mange turistar, så det kan vere aktuelt å tilrå at gata blir stengd til dette er i orden, seier Jan Arve Lund i fagrådet.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lærdalsøyri

GODT VEDLIKEHALD: Dei fleste husa på gamleøyri er i god stand.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det meste er i bra stand

Men stort sett er folk flinke til å ta vare på husa på gamleøyri, seier leiar Grete Marøy Sellevoll i fagrådet.

– Dei husa som er sommarhus og der det bur folk til dagleg er det bra. Problemet er meir næringsretta bygningar.

I alt er det 161 verna bygningar på Lærdalsøyri. Det er gjort ein del for å sikre dei mot brann, seier Kåre Hovland, som er kulturvernkonsulent i Lærdal til Sogn Avis.

– Det er sprinkelanlegg på plass i fleire av dei sentrale bygningane, og det er montert 200 detektorar som er knytte til ein sentral i Lærdal.

Kåre Hovland

BRANNSIKRING: Fleire av bygningane har fått sprinkelanlegg, seier Kåre Hovland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK