Hopp til innhold

Eithun vil hjelpe gateborn

Parallelt med satsinga mot OL i Brasil 2016 vil førdianaren Geir Eithun og makker Iver Horrem starte eit volleyball-prosjekt for gateborn i slummen i Rio.

Geir Eithun

VIL HJELPE: Geir Eithun vil gjerne bidra til å gjere livet betre for gateborn i Rio.

Foto: Privat

– Målet vårt er å gje eit utval born og ungdom i ein favela tilbod om to-tre treningar i veka med sandvolleyball. I tillegg vil vi gje dei engelskundervisning gjennom eit samarbeid vi har etablert med ein frivillig organisasjon, seier Geir Eithun til Bergens Tidende.

Er mykje i Rio

Dei to sandvolleyballspelarane, som denne veka er i Polen der dei deltek i World Tour, jobbar med å få starta prosjektet til hausten.

– Vi trenar mykje i Rio, og er blant dei idrettsutøvarane i Norge som er der mest. Vi vil gjerne gje noko tilbake. Det er noko vi brenn for å få til, seier Eithun.

Han fortel at det er Horrem som har vore initiativtakar til prosjektet. Romsdalingen har vore i Rio kvart einaste år dei siste 15 åra, og har eit stort nettverk der nede.

Manglar noko økonomi

– Når OL i London er ferdig, kjem alt til å dreie seg om Brasil og Rio, seier Eithun.

Førebels er ikkje alle dei økonomiske delane av prosjektet i boks, men Eithun har tru på at det kjem til å ordne seg.

– Vi jobbar kontinuerleg med finansieringa. Det er ikkje så store summar som skal til, seier Eithun.