Stig Ove Ølmheim i Sogndal er ein av dei bøndene som no har valt ein langt meir miljøvenleg måte å bli kvitt uønska innsekt på.
– Vi sprøyter med soyaolje, som vi løyser opp i grønnsåpe, istadenfor å bruke gift på epletrea og plommetrea. Soyaolje er jo eit reint naturprodukt og det er jo grønsåpe og, fortel den unge fruktdyrkaren.
– Vil ikkje det smake soyaolje, pommes frites og grønsåpe av eplene?
– Nei, det er jo lenge før epla kjem på trea. Kven som har kome på dette opphaveleg, men dei har brukt dette i mange tiår på moreller,men ikkje på eple og plommer, seier Ølmheim.
- LES OGSÅ:
Fleire og fleire brukarar
Seniorrådgjevar Torbjørn Takle ved fylkesmannen si landbruksavdeling forklarar at dette er noko stadig fleire bønder har teke i bruk.
– Dette er ein teknikk som har vore kjend forholdsvis lenge i det økologiske miljøet, men det er først dei siste åra vi har byrja å tilrå dette i det konvensjonelle landbruket og i dag er det nok mange fruktdyrkarar som brukar olje- og såpeblanding tidleg om våren, seier Takle.
Han og andre ekspertar på plantevern tilrår no bøndene å gå over til dette langt meir miljøvenlege produktet, framfor å bruke tradisjonelle giftige sprøytemiddel på denne tida av året.
Virkar mot skadedyr
– Dette er jo eit skadedyrmiddel då, og brukar vi det då mot egg, sugande innsekt og midd. Desse er veldig svake i denne perioden nett før dei klekker, og det er det som er tilrådinga då å bruka blandinga av såpe og olje på denne tida, fortel Takle og legg til at ein no prøver å gjere det tradisjonelle bær- og fruktmiljøet meir økologisk retta.
– Vi prøver å økologisere plantevernet, og dette er heilt klart eit steg i den retningen.
- LES OGSÅ:
På garden, som ligg vakkert til ved fjorden mellom Sogndal og Leikanger, er Stig Ove Ølmheim i full gong med å sprøyta den økologiske blandinga ut over dei mellom 4500 og 5000 produktive trea dei har. Når vi ber om å få lukte på produktet han har i sprøytekanna, så lurer vi på om ikkje folk vert svoltne når dei kjenner lukta?
– Jo, det luktar jo veldig godt og reint og fint, og det er jo eit reint naturprodukt, konkluderer bonden og smiler breitt.