Hopp til innhold

Er redd Firda Billag blir for lett

Jorunn Eide Kirketeig (Ap) er redd for at Firda Billag ikkje er stort nok til å klare overgangen når alle bussrutene blir lagde ut på anbod i 2014.

Firda Billag-bussar

KAN FÅ DET TØFFARE: Firda Billag i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er særleg dei administrative arbeidsplassane ho fryktar skal forsvinne om busselskapet ikkje klarar å hevde seg i konkurransen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jorunn Eide Kirketeig (Ap)

REDD FOR FIRDA BILLAG: Jorunn Eide Kirketeig.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Må vinne anbod

Kirketeig meiner det no er viktig at eigarane set selskapet i stand til å vinne anbod her i Sogn og Fjordane.

– Det eg registrerer er at selskapet til liks med andre busselskap skal inn i eit anbodsregime frå 2014. Anboda tek til å gå ut alt i år, og dei skal reknast på i 2013.

Firda Billag er eit heileigd offentleg selskap, eigd av kommunar og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eide Kirketeig fryktar at det tradisjonsrike Firda Billag ikkje er stort nok når alle bussrutene blir lagde ut på anbod om knappe to år.

(Artikkelen held fram under biletet).

Firda Billag (vinter)

STOR ARBEIDSPLASS: Firda Billag er i vår målestokk ein stor arbeidsplass med mange administrativt tilsette.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det kan skje at dei ikkje greier å møte anboda, og at vi må sjå andre fargar på bussane i vårt område. Skjer det er det ikkje sikkert vi har dei administrative arbeidsplassane vidare.

Peter Midthun

GRUNN TIL URO: Adm. dir. Peter Midthun i Firda Billag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Grunn til uro

Administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag seier det skjer store endringar i bussmarknaden i Norge, og at det går mot større einingar. Små selskap blir anten kjøpte opp, eller så taper dei anbod.

– Det blir stadig færre busselskap. Vi arbeider for å posisjonere oss før desse anbodsrundane kjem om eit år eller to. Det er forsåvidt grunn til uro, men det er jo dette politikarane ynskjer og vil. Dette vil føre til press på dei mindre selskapa.

Betyr det at Firda Billag ser seg om etter samarbeidspartnerar for å bli større?

– Vi vurderer korleis vi skal møte framtida, og då ser vi mellom anna på kva samarbeidsalternativ vi har.