I Vestlandsrevyen i går kveld kom foreldra til Christina med eit fortvila rop om hjelp. Dei er redd dottera vil døy dersom ho ikkje får betre behandling enn det ho har fått til no av Sogndal kommune.
- LES OGSÅ:
- SJÅ TV-INNSLAGET:
Ho klarer knapt å gå lenger, ho får harde krampeanfall og tilbringer det meste av tida i senga i omsorgsbustaden ho har gjennom kommunen. Og legane greier ikkje å finne nokon klar diagnose for kva det er som har skjedd med jenta.
Christina er døv, men elles var ho fram til 2008 ei frisk og aktiv jente.
Torsdag vart saka teken opp i Sogndal formannskap, og fleire av politikarane tok ordet og sette fram krav om at noko må gjerast.
(Artikkelen held fram under biletet).
– Hjarteskjerande
Magrete Haug (KrF) var mellom dei som vart opprørd over det ho såg i tv-reportasjen.
– Det var hjarteskjerande, og eg ville ikkje tru at vi hadde slike situasjonar i Sogndal kommune. Her må det strakstiltak til. Eg er glad for at rådmannen sa at det ikkje skal stå på økonomi.
– Eg ber intenst om at den rette instansen i Sogndal må hjelpe, og ikkje utsette sakshandsaminga. Her må Kristina få hjelp i dag. Vi kan ikkje vere bekjent av at folk ligg og ropar om hjelp og at foreldra har hjartebank og angst 24 timar i døgeret. Set saka på dagsordenen og få i gang noko i dag!
– Vondt å ikkje vite
Karin Vikane (H) syntest og det var vondt å sjå innslaget om Christina og foreldra.
– Det var vondt at eg som kommunepolitikar ikkje visste at slik har vi det i heimbygda vår. Eg håpar no at mennesket står i sentrum, og ikkje millionar, og at rådmannen held det han lovar, at det her kjem pengar og gode tiltak for jenta.
– Det handlar om framtida hennar, ho skal ha livskvalitet i kvardagen. Dette må ikkje bli eit offer for byråkratisk sakshandsaming, det er det ikkje tid og rom for no.
(Artikkelen held fram under biletet).
Også ordførar Jarle Aarvoll (Ap) reagerte på det han såg i reportasjen på Vestlandsrevyen.
– Det var sterkt, og det er leit at dei pårørande ikkje er nøgde med tenestene. Vårt mål er heile tida å yte best mogeleg tenester.
– Ikkje spørsmål om økonomi
Rådmann Jostein Aanestad forsikra formannskapet om at kommunen vil gjere det som trengst.
– Det er aldri eit spørsmål om økonomi i slike saker, det er spørsmål om gode og fagleg forsvarlege tenester, og vi gjer det som gjerast kan.