Hopp til innhold

Er i ferd med å misse jobben - og kjenner seg mobba av konkurrent

Samtidig som 58 tilsette ved Opplysninga 1881 i Lærdal er i ferd med å misse jobbane sine, opplever dei å bli mobba i konkurrenten 1888 sine TV-reklamar.

Lilly Kvamme ved Opplysninga 1881 i Lærdal

LEI MOBBING: Lilly Kvamme er tillitsvald ved Opplysninga 1881 i Lærdal. Ho fortel at dei tilsette kjenner seg mobba av reklamane frå konkurrenten.

Foto: Arve Uglum / NRK

I reklamane kan ein høyre småpludrande kvinner med det som er mistenkjeleg likt lærdalsdialekt. I dei korte reklamefilmane gjer desse kvinnene alt dei kan for å dra ut tida før dei hjelper med nummeret.

Tillitsvald ved Opplysninga 1881 i Lærdal, Lilly Kvamme, seier dette er ei ekstrabelastning i ei allereie tung tid for dei som snart står arbeidsledige.

– Det er så bedritent, seier ho oppgitt.

Høyr radiosak:

Prega av nedlegginga

Ventilasjonsanlegget surrar for seg sjølv – og elles er det heller stilt i det nye store lokalet. For ringer du Opplysninga 1881 kjem du ikkje til Lærdal lenger. Det som var 58 arbeidsplassar er redusert til null frå 1. juni i år.

– Det har vore mange forskjellige reaksjonar. Nokon gret, andre er forbanna og fortvila. Vi har ikkje nokon nye jobbar å gå til, det er dårleg med det her i Lærdal, seier Kvamme.

– Det er oss dei driv ap med

Kvamme er heilt tydeleg lei seg og byter demonstrativt kanal kvar gong ein av dei sårande reklamane kjem på.

– Nummeret til Håvard Tyldum, det skal eg fikse veit du. Kjende ein som heite Tyldum eg eingong, kan ein høyre kvinna i reklamen seie.

I reklamen for opplysningstenesta 1888 står ein fyr i ein bowlinghall og ringer til 1888 sin konkurrent. Kvinna svarar seint og dreg ut tida så godt ho kan – på ein dialekt Lilly Kvamme lett kjenner att.

– Det er jo oss dei prøver å drive ap med, men det er ei dårleg etterlikning, seier Kvamme.

Ho har lite til overs for måten 1881-kvinnene i Lærdal blir uthengde.

– Eg synst det er usmakeleg av dei å gjere dette når vi er i denne situasjonen. Avdelinga er nedlagt og vi har meir enn nok med oss sjølve i denne situasjonen, seier Kvamme til NRK.no.

– Som å vri kniven rundt

Avtroppande avdelingsleiar i Lærdal, Rune Bolstad, skulle gjerne vore utan dette akkurat no.

– Det vrir jo ein kniv ekstra rund, mot oss som dessverre ikkje har arbeid lenger, seier Bolstad.

SJÅ REKLAMEVIDEOEN PÅ YOUTUBE HER (Ekstern lenke, NRK er ikkje ansvarleg for innhaldet på denne sida)

(Artikkelen held fram under biletet)

1888-reklame

DREG UT TIDA: Mannen i reklamen må vente både lenge og vel før han får nummeret han er ute etter når han ringer 1881.

Foto: skjermdump frå Youtube.com

Måtte vente i over eit minutt

For å kome i kontakt med Per Thomsen, administrerande direktør i 1888, tek NRK ein telefon til nettopp nummertenesta 1888.

– 1888, ver så god.

– Ja, god dag. Eg skulle hatt nummeret til Per Thomsen.

– Per Thomsen, ja, Kor er det?

– Sjefen din.

– Det er sjefen min, ja. Skal vi sjå.

Etter eit minutt og åtte sekund på tråden med dei som marknadsfører seg som den raske nummeropplysinga får vi nummeret til sjefen.

– Reine tilfeldigheitar

Per Thomsen får då spørsmålet om han ikkje synst det er nok no, når damene i Lærdal er arbeidsledige og ute av dansen.

– Eg kan forsikre alle om at det er reine tilfeldigheitar viss det er nokon som meiner at det er lærdalsdialekt som nyttast i filmen. Det er heilt utilsikta, seier Per Thomsen.

Akkurat det har professor i nordisk språk, Arne Torp, litt vanskeleg for å tru på.

– Eg synst nok at denne her prøver å snakke eit slags sognemål, det trur eg er ganske sikkert, seier Torp.

Han seier kjenneteikna i dialekten som blir brukt i reklamen kan høyre heime i anten Nedre Hallingdal, Solør eller i Lærdal.

Vil vurdere språkbruken

Per Thomsen som er sjef i 1888 Værsågod! er på si side heilt klar på at dei ikkje har meint å mobbe nokon.

– Eg håpar alle skjønner at vi ikkje ønskjer å harselere med at folk misser jobbane sine, seier Thomsen til NRK.no.

– Kjem de til å revurdere den dialektbruken i framtida?

– Dette er første gong eg høyrer det, men når de no tek det opp, så skal vi sjølvsagt gå i oss sjølve og sjå på den filmen som går no. Vi skal notere oss dette for framtidig reklameproduksjon, seier han.

– Sårande

I dei tome lokala på 1881 i Lærdal har tillitsvald Lilly Kvamme lite forståing for det konkurrenten har gjort i sine reklamefilmar.

– Det er sårande i den situasjonen vi er i no.