Hopp til innhold

Mann omkom i brann i Måløy

Ein mann omkom da det byrja brenne i eit bustadhus i Måløy natt til søndag.

Husbrann i Måløy - ein person omkom

PÅ STADEN: Politiet var søndag føremiddag på staden for å gjere undersøkingar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Alarmsentralen fekk melding om brannen klokka 05.08. Forbipasserande hadde då sett at det var røykutvikling i huset som ligg midt i sentrum av Måløy, i gate 4.

Brannvesenet og politi rykte ut til staden, og brannvesenet var raskt på plass med mellom 15 og 20 mann.

Då naudetatane kom fram til staden var huset overtent. Røykdykkarar tok seg inn i huset og henta ut to menn. Den eine vart kort tid seinare erklært død på staden. Den andre fekk lettare skader, opplyser politiet.

Store skader

Huset som byrja brenne har fire etasjar, og brannen skal ha teke til i den nest nedste av desse. Mannen som budde i etasjen omkom, medan ein mann som var på besøk vart lettare skadd, opplyser politiet. Han er frakta til sjukehuset på Nordfjordeid.

Årsaka til at huset byrja brenne er førebels ikkje kjent, og brannen vil bli etterforska av Vågsøy lensmannskontor.

Vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier til NRK at huset har fått store skader innvendig.

– Det har vore stor varmeutvikling og det er både røyk og varmeskader, seier Korneliussen.

Ifølgje BT.no er skadane så omfattande at politiet ikkje kan gå inn i huset søndag. Det skal ha vore fleire personar i leilegheita laurdag kveld og desse blir avhøyre, skriv BT.no.

– Ei tragisk hending

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen, seier det var svært trist å få melding om hendinga søndag morgon. Kommunen sitt kriseteam er sett i beredskap.

– Dette er ei tragisk hending som vil setje preg på mange. Spesielt familien er dei vi må fokusere på no, men også på den andre som kjente den omkomne, seier Hagen til NRK.no.

Husbrann i Måløy

BRANN: Det har vore stor varmeutvikling inne i huset.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.