Hopp til innhold

– Arbeidarane budde under svært uverdige og helsefarlege tilstandar

Verneombodet sperra opp auga då dei skulle utføre ein vanleg rutinekontroll på ein byggjeplass i Farsundfeltet i Førde.

Sovestad

SJOKKERANDE SYN: Svært uverdige butilhøve møtte Fellesforbundet då dei hadde kontroll i eit hus i Farsundfeltet.

Foto: Privat

– Då eg kom for å utføre eit rutinemessig byggjeplassbesøk, såg eg at dei fire estlendarane som held på å setje opp huset faktisk budde i det uferdige prosjektet, fortel Jan-Inge Sætre.

I går ettermiddag vart det avslørt at fire estlendarar budde under svært uverdige og helsefarlege forhold i huset dei heldt på å byggje.

– Noko av det verste eg har sett

Sætre er regionalt verneombod i Fellesforbundet Sogn og Fjordane, og er dagleg innom byggjeplassar for å kontrollere. Men det han fekk sjå i Farsundfeltet i Førde i går var noko av det verste han hadde sett i heile si fartstid.

– Der var fire personar som budde i huset og sov på tynne madrassar på golvet. På kjøkkenet stod ei sag som spreidde støv og flis i heile huset. Eine rommet i huset vart brukt som matlager som var fylt opp av mat og hermetikk, skildrar Sætre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Toalett og matlager

MAT OG TOALETT: Badet var fylt opp med hermetikk og mat på glas.

Foto: Privat

– Heilt normalt å bu slik
Jan-Inge Sætre

SJOKKERT: Jan-Inge Sætre vart sjokkert over synet som møtte han under gårsdagens kontroll.

Foto: Rune Fossum / NRK

Estlendarane vart konfronterte med buforholda og var sjølv ikkje klar over at dette ikkje var lov. Dei fortalte også at dette var heilt vanlege buforhold for dei.

– Det verka ikkje som om dei var opplyste på kva som er lov og ikkje, det einaste som var informert om var løn. Kommunen hadde ikkje gitt bruksløyve til huset heller, og det var ikkje installert varslingssystem i tilfelle det skulle ta til å brenne, seier Sætre.

Arbeidstilsynet vart varsla

Frode Skjerven i Arbeidstilsynet vart informert av Sætre om forholda, og reiste straks opp. Han fortel om dei same buforholda som Sætre skildrar, og trur at dette kan vere svært skadeleg over lenger tid.

– Inneklimaet var uakseptabelt. Det var store mengder støv som desse arbeidarane søv og arbeider i døgnet rundt. I tillegg er det svært farleg med tanke på brannutvikling, fortel Skjerven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Soverom

SOVESTAD: Utslitne madrassar og enkle butilhøve.

Foto: Privat

Han stiller seg spørsmålet om kva ein skal godta som arbeidstakar, og meiner at norske arbeidstakarar heilt sikkert ikkje hadde godteke å budd under slike tilstandar.

– Vi informerte dei med ein gong om at dette ikkje vert godteke og at det strir i mot norsk lov å bu slik. Så dei måtte rett ut, opplyser Skjerven.

Mange mørketal i denne bransja

Jan-Inge Sætre fortel at han kjem over mykje rart i jobben sin, og at det er ofte at ting ikkje vert meldt inn eller oppdaga.

– Eg ser gjengangarar som ikkje har heilt kontroll på sine tilsette og der arbeidarane ikkje får den informasjonen om helse, miljø og tryggleik som dei har krav på. Mange tek sjansar, dei «skal berre», og då skjer det fort skadar som kutt eller fall. Eller i dette høvet der buforholda og reglane kring det ikkje er informert om, fortel Jan-Inge Sætre.

NRK.no har ikkje lykkast i å få kommentar frå byggherren i saka.

Sovestad2

SOVEROM: Eit av soveroma estlendarane budde på.

Foto: Privat