Hopp til innhold

Fem avhøyrde etter trafikkulukke

Politiet i Høyanger nærmar seg avslutning i saka der bilistar skal ha køyrt forbi ei trafikkulukke utan å hjelpe.

Trafikkulukke ved Kvamsøy i Balestrand

SKADD: Ei kvinne sat med brotskadar og alvorlege pusteproblem i bilen, medan bilistar køyrde forbi utan å stogge for å hjelpe.

Foto: Robert Jan Leerink

Det var ektemannen til kvinna som vart skadd i ulukka i Balestrand som har bede politiet etterforske saka for brot på vegtrafikklova .

Kvinna vart send til sjukehus med moderate skadar etter ulukka ved Kvamsøy i februar i år .

– Vi har avhøyrt fem personar, men det gjenstår eitt avhøyr som vi ynskjer å gjere, seier lensmann Atle Førde.

Jurist avgjer

Lensmann i Høyanger Atle Førde

ALVORLEG: Lensmann i Høyanger, Atle Førde.

Foto: politi.no

To av dei avhøyrde har status som sikta, men lensmannen presiserer at dette er gjort av omsyn til deira rettar i samband med ei slik sak.

– Vi har ikkje konkludert i saka, men vil sende våre etterforskingspapir over til påtaleansvarleg jurist for avgjerd, seier Førde, og opplyser at fleire av bilistane som passerte ulukka melde seg sjølve for politiet.

Kan berge liv

Førde seier politiet framleis ser alvorleg på saka.

Både Førde og Øyvind Dahle, leiar ved AMK i Førde, har tidlegare sagt at i enkelte situasjonar kan rask hjelp vere skilnad på liv eller død ved ulukker.

– Det er ikkje sikkert dei som er i bilen klarar å gjere noko. Dei kan vere medvitslause, det kan hende dei ikkje får puste. Det er ofte enkle ting som skal ting for å redde eit liv, som til dømes å stabilisere nakken til ein person, sa Dahle.