Hopp til innhold

Måtte avlive 50 vanstelte dyr

Mattilsynet i Sogn og Fjordane måtte i fjor avlive nær 50 husdyr etter to ulike dyretragediar i fylket. – Ikkje akseptabelt, meiner småbrukarlaget.

Statistikken for 2011 syner at det også i fjor vart avdekt dyretragediar i fylket. I to ulike saker måtte Mattilsynet gripe inn etter at dei fann vanstelte og daude dyr på to gardar i Sogn og Fjordane.

På eit gardsbruk i Nordfjord var dyra alvorleg vanstelte. Seniorinspektør Jørgen Langeland seier det måtte reagere.

– Det virka rett og slett som at situasjonen var kome ut av kontroll. Fleire dyr var dårlege og det vart også funne daude dyr, seier han.

Fann fleire avmagra og daude dyr

Også i indre Sogn vart kontrollørane til Mattilsynet møtt av eit grufullt syn då dei på nyåret i fjor var på inspeksjon på ein geitegard. Geitene som gjekk ute var sterkt avmagra, og det vart også funne fleire geitekadaver. Her måtte Mattilsynet avlive 14 dyr. Saka er no under etterforsking av politiet.

Det same gjeld for saka med ein sauebonde i Nordfjord. Langeland seier dei fann fleire daude og avmagra dyr hos denne bonden.

– Dyra var rett og slett for tynne, og det var ikkje kontroll på situasjonen i det heile teke, seier Langeland som seier dei måtte avlive nær 35 dyr på garden.

– Ikkje akseptabelt

Martin Branaas Kleppe er leiar i Småbrukarlaget i Sogn og Fjordane. Han er opprørt over dyretragediane som er avdekte og meiner ei slik tragedie er ei for mykje.

– Eg er sauebonde sjølv og eg kan ikkje tenke meg noko verre enn å la dyra stå i fjøsen og lide, seier Branaas Kleppe til NRK.no.

– Har bøndene for lite tid til dyra sine, no når mange har jobbar ved sidan av?

– Eg trur det er snakk om personlege tilfelle. Viss du er bonde og er heilt åleine på ein bergknaus, og det byrjar bli tungt økonomisk til dømes, så er det lett å bli deprimert. Det igjen kan gå ut over dyrevelferda, sjølv om dette ikkje er akseptabelt, seier ho.