Hopp til innhold

Sauebønder kjenner seg mistrudde

Bjarne Huseklepp kjende seg mistrudd av styresmaktene då han melde tap av sau på grunn av gaupe.

Bjarne Huseklepp er oppgitt over erstatningsreglane for rovdyrtap

MEINER REGLANE FOR ROVVILTERSTATNING IKKJE FUNGERER: Bjarne Huseklepp er oppgitt over styresmaktene.

Foto: Fotomontasje: Jørgen Pedersen og Erlend Blaalid Oldeide/NRK

– Problemet var at eg følte at eg ikkje blei trudd. Slikt er ganske surt når ein prøver å vere dønn seriøs, seier Huseklepp oppgitt.

Den tidlegare sauebonden er ikkje åleine om å kjenne seg mistrudd. Fleire sauebønder som NRK.no har vore i kontakt med seier det kan vere vanskeleg å bevise at gaupe har teke drepe sauene deira.

Stridest om behovet for nye reglar

Bjørn Lødemel

VIL HA NYE REGLAR: Bjørn Lødemel.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Fylkesleiaren i Høgre, Bjørn Lødemel, meiner dagens erstatningsordning ikkje skaper tillit.

– Nei, det er heilt klart behov for eit nytt erstatningssystem, seier Lødemel.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal vil på si side ikkje meine noko om regelverket.

– Om regelverket er godt eller ikkje vil eg ikkje kommentere. Det er det regelverket vi har no, og det fungerer slik rovviltskadene er i Sogn og Fjordane i dag, seier Yndesdal.

Rovviltskader er tvilstilfelle

Rein Arne Golf

ROVVILTANSVARLEG I FYLKET: Rein Arne Golf.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Ingen veit kor mykje gaupe det er i Sogn og Fjordane, og det i seg sjølv kan gjere det vanskeleg å avgjere om det er gaupe eller andre rovdyr som har teke sau.

Regional rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, forklarer at mange skader er tvilstilfelle.

– Det gjeld særleg tilfelle der kadaveret er utete anten av rovviltet sjølv eller av andre åtseletarar, som fuglar, fortel Golf.

– Send dyra til slakt!

Huseklepp meiner uansett at oppfølginga frå styresmaktene er altfor dårleg. Det gjorde ikkje saka betre då han miste sine sauer.

gaupe jakter på lam

SJELDANT BEVIS: Når gaupa tek sauen.

Foto: Jostein Hunstad

– Det mest trasige er at styresmaktene stiller svært lite opp når ein kjem i ein slik situasjon. Eg unner ingen å hamne i det uføret, seier Huseklepp.

Til folk som kjem i same situasjon som han, har Huseklepp berre eitt råd:

– Send sauene til slakt og bli ferdig med det!