Hopp til innhold

No kan du få legetime på nett

Gründerane Linn Dyveke og Njål Wilberg i Gulen tilbyr no ei ny teneste der folk kan konsultere lege via nettet.

Linn Dyveke og Njål Wilberg

STARTAR LEGE.NO: Linn Dyveke og Njål Wilberg.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Nettstaden lege.no blir lansert i dag, 1. mars klokka 12, med støtte frå Innovasjon Norge.

Frå før har ekteparet som er busett på Mjømna sjøsett sms-søketenesta Ask ADAM og musikktenesta Beat.

– Lett å gå feil i jungelen

– I dag finst det ikkje tilfredsstillende måtar å søke trygg og korrekt helseinformasjon tilpassa pasienten på nett., seier Linn Dyveke Wilberg.

Ho held fram:

– Det finst mykje informasjon om diverse sjukdomar og plager, men det er svært vanskelig for folk å finne fram i denne jungelen, og det er lett å finne feil artiklar som kan gjere pasienten meir engstelig enn nødvendig, seier ho.

Lege.no har knytt til seg fleire legar som sit klare på web når brukaren loggar seg inn.

Sjølve sesjonen varer i inntil 20 minutt og er i utgangspunktet lagt opp som ein live-chat mellom pasient og lege.

Kan sende bilete

Det er mogleg å sende bilete direkte til legen under sesjonen via web.

Lege.no garanterer for anonymiteten til brukarane, og alle konsultasjonar blir sletta ein time etter at legekonsultasjonen er avslutta. Ein konsultasjon kostar 299 kr.

Solveig Daae Kristiansen fra Hundvin er ansatt som daglig leder i det nyetablerte selskapet.