Hopp til innhold

Difor hamna polakken i grøfta

Trafikkuhellet i Lærdal måndag føremiddag, hamnar ikkje på politiet sitt bord.

Semitrailer i grøfta på flatmark

SAKSA: Det er truleg mekaniske årsaker som gjorde at ein polsk semitrailer saksa seg ved Borlaugkrysset.

Foto: Stein Magne Os

Ein polsk semitrailer problem på veg ned Hemsedalsfjellet og saksa seg ved Borlaugkrysset.

– Det er ein høvesvis ny lastebil, registrert i april 2011. Då handlar det ikkje om vedlikehaldet, men ein mekanisk svakheit på bremsene, seier kontrollør Torgeir Bang ved Statens vegvesen.

Mista bremsene

Vegvesenet har i ettermiddag kontrollert vogntoget og bremsene. Konklusjonen er at uhellet kunne skjedd kven som helst – både norske og utanlandske vogntog.

På veg ned frå fjellet mot Lærdal, var semitraileren utom vegen på begge sider av vegen, før den til slutt hamna i grøfta på E16. Føraren har forklart at det var ei utriveleg oppleving.

– Han mista bremsene gradvis på veg nedover fjellet, og til slutt vart det ille. Men han klarte å halde farten så låg at han hadde kontroll nedover alle bakkane og gjennom dei skarpe svingane, seier Bang og rosar føraren.

Førar får ros

– Det kan truleg vere ei form for varmkøyring av bremsene, men føraren gjorde så godt han kunne. Og han gjorde det ganske bra, seier han.

Føraren var åleine i bilen. Ingen vart skadd i utforkøyringa. Føraren har no fått beskjed om å køyre til næraste verkstad for å reparere feilen.

Bang er klar på at føraren ikkje kan klandrast for uhellet.

– Køyretyet var lovleg lasta, og lasta var sikra godt. Den står framleis etter uhellet. Føraren har vore fornuftig og gjort jobben heile vegen, seier Bang.