Hopp til innhold

Her hamna bilen i grøfta på flatmark

Spor i snøen tyder på den utanlandske semitraileren har vore ut utom vegen fleire gonger før bilen hamna i grøfta på flatmark.

Semitrailer i grøfta på flatmark

PROBLEM: På eit eller anna vis har semitraileren hamna i grøfta.

Foto: Stein Magne Os

Politiet har måndag føremiddag sendt ein patrulje til Borlaugkrysset på E16 i Lærdal. Ein polsk semitrailer har saksa seg og står med fronten langt ut i snøen på høgresida av vegen. Der bilen står i grøfta er det flatt.

– Vi er på staden for å undersøkje kva som har skjedd. Førebels veit vi lite, seier operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NKR.no kort tid etter klokka 11.

Var over i motsett køyrefelt

NRK har snakka med fleire som har køyrd forbi staden, og alle fortel det same. Spor både i og langs vegen tyder på at semitraileren har kome ned riksveg 52 Hemsedalsfjellet då den har fått problem. Dette har skjedd like før riksveg 52 møter E16 i det sterkt trafikkerte Borlaugkrysset.

Spora i vegen og i snøen tyder på at bilen har vore utom kanten på begge sider før den hamna i grøfta. Det vil seie at bilen har vore over i motsett køyrefelt minst ein gong.

– Dette er spor som også politiet har registrert, seier Avsnes til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer i grøfta på flatmark

BILBERGING: Det er rekvirert bilberging for å få fjerna semitraileren.

Foto: Stein Magne Os

– Dette kunne gått gale

Operasjonsleiar Kjetil Avsnes hos politiet seier det ikkje har kome meldingar om at andre køyrety var i nærleiken då semitraileren hamna i grøfta. Dette kunne fort gått gale, fortel Avsnes.

– Det er klart, dersom du har eit større køyrety ute av kontroll, som ikkje klarar å halde seg på si side av vegen, så kan det gå gale.

– Vi må prise oss lukkelege for at det ikkje gjekk verre, seier Avsnes.

Den polske føraren av semitraileren var åleine i bilen, og skal ikkje ha blitt skadd i utforkøyring. Det skal ikkje vere mistanke om at føraren har vore rusa.

Seinast på fredag stod det over 500 bilar i kolonnekø i området.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer i grøfta på flatmark på Borlaug

FLATMARK: Bilen har hamna i grøfta akkurat der kolonnefeltet ved Borlaugkrysset på E16 i Lærdal-

Foto: Trond Nistad

Tekniske problem

Politiet driv måndag føremiddag med undersøkingar på staden. Det vil også bli gjort ein grundig kontroll av sjølve ulukkesbilen.

– Det er ting som kan tyde på at det har vore tekniske problem med køyretyet, seier Avsnes.

Semitraileren sperrar eitt køyrefelt på staden, og det er bilberging på veg. Avsnes seier køyretyet ikkje vil bli flytta før ein har undersøkt det.

Ved 13-tida var køyretyet på veg til Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken, der det vil bli gjort ein teknisk kontroll.

Semitrailer i grøfta på flatmark

POLITI: Politiet var ved 11-tida på staden.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera