Hopp til innhold

Her står 500 bilar i kolonnekø

Like før midnatt stod det over 500 bilar i kø for å kome seg over Filefjell og Hemsedalsfjellet. Entreprenøren varsla at det kom til å gå fleire timar før dei siste i køen kjem seg over.

Kø ved Borlaug på E16 i Lærdal

LANG, LANG REKKE: Det stod fleire kilometer med kø ved Borlaugkrysset og nedover Lærdalsdalen på E16 seint fredag kveld.

Foto: Lars Andreas Kårstad

Uvêr og bilberging gjorde sitt til at køen ved Borlaugkrysset i Lærdal vaks seg lang og lengre enn lang utover fredag kveld og natt. I periodar var E16 over Filefjell stengd på grunn av bilberging, medan det heile tida har vore kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet.

Alle dei andre store fjellovergangane i Sør-Norge var fredag kveld stengde og blir ikkje opna att før laurdag. Dette førte til eit ekstra trykk med bilistar som ville ta seg aust eller vestover over fjella i Sogn.

Ved 22-tida varsla Statens vegvesen at det var ventetid frå vest opp mot åtte timar. Når klokka passerte midnatt håpte entreprenøren at det ikkje skulle bli fullt så lenge, men sa då at dei som stod i kø framleis måtte smørje seg med tålmod.

SISTE: Først ved 06-tida var ting i ferd med å normalisere seg.

- Det var i natt store problem med kolonnene og først ved 06-tida laurdag morgon løyste det seg, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Molvær seier tidleg laurdag morgon at vêret no er bra. Trafikken går som normalt. Både E16 Filefjell og riksveg 52 Hemsedalsfjellet er opna for fri ferdsle.

Håpar å kunne ta med fleire på kvar tur

Ved midnatt stod køen av bilar fleire kilometer ned i dalen, heilt gjennom Tuftåstunnelen som ligg fire kilometer frå krysset der E16 over riksveg 52 over Hemsedalsfjellet møtest.

Rolf Andersen, som er formann for E. Opedal & Sønner på fjella i Sogn, stadfesta at talet på bilar i kø var kome opp i rundt 500. Det vil ta tid å få desse over fjella, fortalde entreprenøren NRK.

Andersen håpte samtidig at dei etter kvart kunne sende fleire enn 25–50 bilar i gangen over fjellet.

– Meldingane seier at vêret skal betre seg frå klokka 01. Då håpar vi at vi kan få køyrd styrt trafikkavvikling, noko som gjer at vi kan ta med fleire bilar enn vi kan i ei kolonne, seier Andersen til NRK.no ved midnatt.

Uansett stod det ved midnatt så mange bilar i kø at det vil ta fleire timar før alle har kome seg over.

– Vi køyrer på til det er tomt og vel så det, seier han.

Slik meldingane såg ut då kunne det vere håp om at dei to fjella kunne opne for fri ferdsle ut på morgonkvisten laurdag. Men dette kjem heilt an på korleis vêret utviklar seg, presiserte Andersen NRK.no rundt midtnatt.

Ting i ferd med å løyse seg opp i 03-tida

Då NRK snakka med Andersen i 03-tida natt til laurdag, kunne han fortelje at situasjonen hadde betra seg ein del.

Over E16 Filefjell køyrde dei då såkalla styrt trafikkavvikling, noko som betyr at dei prøver å ta med seg dei fleste bilane som står i kolonnekø. Det var ved 03-tida venta at fjellet kunne opne att innan få timar.

Ved 03-tida stod det att mellom 150 og 200 bilar ved Borlaugkrysset, som alle skulle over riksveg 52 Hemsedalsfjellet. Andersen trudde på dette tidspunktet at det framleis ville ta nokre timar før ting var i normalt gjenge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Borlaugkrysset

KOLONNE: Både dei som skal over Filefjell og dei som skal over Hemsedalsfjellet må vente på kolonne.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Oppgitt over manglande køkultur

Andersen fortel at brøytemannskapet, kolonnesjåførane og kolonnevaktene har hatt ein travel kveld på jobb. Betre blir det ikkje av bilistar som ikkje respekterer at dei ikkje står fremst i køen.

– Det er mange som snikjer, og vi klarer ikkje å halde att kvar einaste bil, seier han.

Fredag kveld og natt til laurdag har det vore fem kolonnevakter ved Borlaug, og det seier seg sjølv at dei har hatt mykje å halde styr på når køen no tel 500 bilar.

– Dei gjer jobben sin så godt dei kan. Men det er ikkje noko moro for dei å få kjeft når det er andre bilistar som snik, seier Andersen.

Politiet har også hatt ein patrulje på staden fredag kveld, då enkelte altså ikkje har ville halde seg til sin plass i køen.

Mange køyrer seg fast i kolonnen

Sjølve avviklinga av kolonnene har heller ikkje gått knirkefritt. Fleire gonger har det blitt stogg i kolonnen på grunn av bilar som har køyrd i grøfta, eller fått motorstogg.

– Berre på ei kolonne måtte vi til dømes dra laust fire bilar. Først fekk ein motorstoff, så vart det ståande att bilar bak den som vart snødd inne av snøføyka, seier Andersen.

Mannskapet på Filefjell og Hemsedalsfjellet har fredag kveld og natt fått hjelp av kollegaer på riksveg 53 Tyin-Årdal. Fjellet der er stengd grunna uvêr og vil ikkje opne att før tidlegast laurdag, og den ekstra arbeidskrafta har kome godt til nytte på dei to opne fjella.