Hopp til innhold

– Vent med å reise over fjellet

Vegtrafikksentralen bad innstendig om at folk heldt seg unna fjella fredag kveld. Fredag kveld står det fleire kilometer med kø på vestsida, nokre må vente i åtte timar.

Trøbbel på E16 over Filefjell

TRØBBEL: Ein utanlandsk semitrailer skal ha fått stogg på E16 over Filefjell. Her er sjåføren i ferd med å leggje på kjettingar for å kome seg fram.

Foto: Stian Sellevoll Hestad

– Dersom du ikkje absolutt må over fjellet fredag kveld, bør du for all del vente til i morgon. Om ikkje kan du bli ståande svært lenge i kø.

Det var den klare beskjeden frå vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal ved 16-tida fredag ettermiddag.

Uvêr stengjer fredag kveld fleire av dei viktige fjellovergangane i Sør-Norge, og det er venta at vêret vil bli verre på dei fjella som er opne.

Frykta åtte timar venting – fekk rett

Han frykta då at det kunne bli snakk om venting i opp mot åtte timar. Og like før klokka 22 fredag kveld syner det seg at han fekk rett. Ved Borlaugskrysset i Lærdal, der E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet møtest, står det no kilometer med kø.

Det vil seie at dei som skal frå vest mot aust må bu seg på mange timars venting.

– Dei som står bakarst kan måtte vente i åtte timar, og det er umogleg å seie om det blir lenger ventetid utover kvelden og nata, seier Molvær til NRK.no ved 21.45-tida.

Ved midnatt håpte entrepenøren at dei etterkvart kunne ta med seg fleire bilar i kvar kolonne.

Politiet rykte ut

Det tek vel ein time med kolonne ein veg over fjellet. Det vil seie at kolonnen går ca kvar andre time frå kvar side. Men Molvær seier dei i kveld har hatt problem også under kolonnene.

– Ei kolonne er aldri sterkare enn det svakaste ledd. Det er nok ikkje alle som er like vande med kolonne eller slikt vêr, og det har vore fleire tilfelle av bilar som har hamna i grøfta, noko som har ført til at kolonnene har teke lengre tid, seier Molvær.

Han ber folk vere tålmodige og halde plassen sin i kolonnekøen. Politiet har også hatt ein patrulje på staden, då enkelte ikkje har ville halde plassen sin.

– Det er veldig mykje bilar der, så vi har vore der for å halde auge med situasjonen, får NRK opplyst ved operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ingen heilt opne fjell

Ved 18.30-tida vart E16 over Filefjell stengd på grunn av bilbering. Vegen her hadde fram til då vore den einaste av dei store fjellovergangane i Sør-Norge som var open for fri ferdsle.

Molvær sa like før klokka 20 at det var håp om at bilberginga ville vere ferdig til klokka 20.15. Då ville vegen opne att for kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Utover kvelden har det kolonnekøyring både på Filefjell og Hemsedalsfjellet og dei som står i kø på begge sider må smørje seg med tålmod.

Vaktoperatøren forstår ikkje kvifor så mange har valt å leggje ut på vegen denne kvelden, når vêret er så dårleg.

– Eg er veldig overraska, det må eg seie. Folk er veldig utålmodige, og dei som no står i kø må berre halde plassen sin og vente på at dei får beskjed med kolonnevakta, ber Molvær.

Riksveg 609 mellom Førde og Dale ferjekai var stengd frå klokka 17.30 til 19 på grunn av eit steinras.

Mange opnar ikkje før laurdag

Vêrvarslinga har sendt ut eit OBS-varsel for dagen i dag, og åtvarar mot sterk vind og mykje nedbør. Fredag morgon var ei rekkje vegar i Sogn og Fjordane stengde på grunn av ras og rasfare, og utover dagen har problema på fjellovergangane berre blitt verre.

SLIK VAR STODA PÅ FJELLA KLOKKA 21.45:

  • E16 Filefjell – kolonnekøyring på grunn av uvêr. Ca åtte timar ventetid frå vest mot aust.
  • E134 Haukelifjell – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att fredag
  • Riksveg 7 Hardangervidda – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att fredag
  • Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna ras og rasfare. Blir ikkje opna att fredag
  • Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att fredag
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring grunna uvêr. Ventetid frå vest mot aust, ca åtte timar
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att fredag
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att fredag

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppstillingsplass for kolonnekøyring på Borlaug i Lærdal

KØ: Tidleg fredag ettermiddag var det kolonnekøyring på både Filefjell og Hemsedalfjellet. Kort tid etterpå vart Filefjell opna for fri ferdsle.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Fryktar ventetid opp mot åtte timar

Molvær sa tidleg fredag ettermiddag at utsiktene for E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet ikkje var spesielt gode.

– Det er venta mykje nedbør frå no klokka 16, medan vinden til ta til frå klokka 19 på Hemsedalsfjellet. Nett no tek kolonnen på Hemsedalsfjellet med seg alle bilane som står i kø, men slik det utviklar seg vil dei nok måtte gå over til å berre ta med seg 25 eller 50 bilar på kvar tur, seier Molvær ved 16-tida.

Med så mange andre stengde fjellovergangar er det ventar stort trykk av bilar på Hemsedaslfjellet og Filefjell og Molvær fryktar difor at det kan bli lange køar.

– Mitt råd vil vere å vente til morgon. Dersom vêret slår til på sitt verste er eg stygt redd at folk kan måtte vente i opp mot åtte timar på å få vere med i kolonne over fjellet, seier Molvær.

– Dei som har opplevd dette før veit at det ikkje er noko særleg. Og med tanke på at vêret i morgon blir så mykje betre, vent til i morgon, det er det beste, seier han.

Molvær har snakka med mange som lurer veldig på korleis vêret blir i kveld, og han har oppmoda alle om å tenkje seg godt om. Dei som ikkje absolutt må reise fredag, har mykje å spare på å vente ein dag, meiner vaktoperatøren.

Åtvarar mot overflatevatn

Det er heller ikkje problemfritt i låglandet, dei store nedbørsmengdene gjer at det fleire stader kan vere fare for vassplaning.

– Dette kan vere farleg nok, så folk bør ta det med ro, seier Molvær.

Det er meldt om stor rasfare på grunn av dei store nedbørsmengdene og fleire vegar er stengde på grunn av ras og rasfare. Det er fare for at lista over stengde vegar vil bli lengre utover kvelden.

I Sogn og Fjordane er desse vegane stengde på grunn av ras og rasfare:

  • Fylkesveg 152 Ulvastad-Menes – stengd grunna ras. Blir ikkje opna att fredag
  • Fylkesveg 241 Gudvangen–Bakka–stengd grunna ras. Blir ikkje opna att fredag.
  • Fylkesveg 331 Urnes Skjolden–stengd grunna steinras. Venta å opne tysdag 28. februar.
  • Fylkesveg 337 Hafslo-Veitastrond–stengd grunna ras og rasfare. Blir ikkje opna att fredag
  • Fylkesveg 664 Fossebakken–Navelsaker–stengd grunna ras og rasfare. Ny vurdering laurdag klokka 08.
  • Fylkesveg 722 Storesunde- Flo–stengd grunna fare for ras. Ny vurdering laurdag klokka 08
  • Fylkesveg 723 Bødal–Loen–stengd grunna fare for ras. Ny vurdering laurdag klokka 08