Hopp til innhold

Her har nok eit vogntog hamna i grøfta på E16

Nok ein gong har eit vogntog kome for langt ut på vegskuldra og hamna i grøftekanten på E16 på Filefjell. Bergingsmannskapa er ikkje overraska.

E16 Filefjell

UTI GRØFTA: Traileren har komme så vidt uti grøfta, noko som er nok til at han ikkje kjem seg derifrå ved eiga hjelp.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– Dette er eit slikt punkt som dei ofte hamnar i grøfta på, seier dagleg leiar ved Falck på Fagernes, Ståle Hagadokken.

I byrjinga av januar låg ein semitrailer på om lag same måten. Utruleg nok låg det eit vogntog på nøyaktig same plassen.

Travelt webkamera

Statens vegvesen sitt webkamera er plassert på ein av dei stadene der flest tunge køyretøy kjem ut i laussnøen og dermed hamnar så lang ut i vegkanten at dei treng hjelp til å komme seg lause att.

Hagadokken har ikkje fått beskjed om å hjelpe vogntoget, men kjenner staden ganske godt.

– Eg var jo der oppe 5. januar då det var nøyaktig eitt år sidan ei bil låg på same måten, seier Hagadokken.

Her skjer akkurat det same igjen på Filefjell

GANSKE LIKT: Her bileta frå webkameraet på Filefjell frå 5. januar i år og i fjor.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

Lett å komme utanfor

Han legg til at dette er ein stad der det er lett å komme utanfor vegen, ikkje berre fordi det er litt smalt.

– Akkurat no er det veldig hardt vêr oppe no, og føret er slik at dersom det ligg litt snø overgangane, så er det utruleg fort at bilen dreg ut i grøfta, seier Hagadokke.

Han presiserer at vogntoga slett ikkje treng å vere dårleg skodde for at det skal skje.

Står fint

Hjå Vegtrafikksentralen i Lærdal har dei fått melding om bilen, og fortel at han har stått der nokre timar.

– Men han står såpass uti sida at han ikkje er til hinder for trafikken, seier Jan Erikstad ved Vegmeldingssentralen.