Hopp til innhold

Buss braste gjennom vegg

Gasspedalen på ein buss hjå Firda Billag hengde seg opp då bilen skulle køyrast inn i bussgarasjen i Førde sentrum. Dermed braste bussen gjennom ytterveggen.

Buss 1

STORE ØYDELEGGINGAR: Ingen personar kom til skade, men dei materielle skadane vart store.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det må ha vore noko teknisk med bussen som gjorde til at han ikkje stoppa, seier dagleg leiar ved Firda Billag, Peter Midthun.

Bussen var på veg inn i buss-garasjen som ligg like ved rutebilstasjonen i Førde sentrum. Men då sjåføren skulle stoppe bussen, var det ikkje råd å bremse ned farten.

Tok fyr ganske fort

Truleg har gasspedalen på køyretøyet hengt seg opp. Idet bussen kolliderte med betongsøyla inne i garasjen, tok det til å brenne i fronten på bussen.

– Det stemmer at det var eit branntilløp, men det klarte vi å sløkkje ganske raskt, seier Midthun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Buss 2

MIDT I SENTRUM: Firda Billag sitt verkstadbygg litt midt i Førde sentrum.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Køyrde rett i søyle

Dermed heldt køyretøyet fram rett fram, kolliderte med ei søyle før han pressa ut noko av veggen.

– Dette er trist, det er store øydleggingar både på bygningsmassen og på bussen. Men til alt hell har ingen personar komme til skade, Midthun.

Han legg til at dei gjerne skulle vore uhellet forutan.

– Men skjedd er skjedd, seier Midthun.

Politiet er varsla om hendinga og Arbeidstilsynet vil bli informert.

Buss 4

STORT HOL: Dei materielle skadane på bygget er store.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Bygget vil no bli stiva av for å vere sikker på at ikkje resten av bygninga rasar i hop.