Hopp til innhold

Bjørlo seier nei til Stortinget

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er klar på at han ikkje vil ha ei rikspolitisk karriere dei nærmaste åra.

Alfred Bjørlo

NEI: Alfred Bjørlo meiner han har nok med ordførarjobben i Eid og vil førebels ikkje starte noko rikspolitisk karriere.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bjørlo er spurd om å sitje i sentralstyret til Venstre, og er trekt fram i diskusjonen om ny nestleiar etter valdtektssikta Helge Solum Larsen.

Men Bjørlo meiner han har nok med ordførarjobben heime i Nordfjord.

– Dei neste fire åra skal eg vere ordførar, og eg vil gjere ein best mogleg jobb i dette vervet for Eid. Eg konsentrerer meg om ordførarjobben, og trippar ikkje etter noko rikspolitisk karriere, seier Bjørlo.

Nytt heitt namn

Som landsstyremedlem, fylkets mest profilerte Venstre-politikar og med bakgrunn som rådgjevar i Bondevik 2-regjeringa, ville Bjørlo vore ein av dei heitaste kandidatane når partiet det neste året skal nominere til Stortingsvalet i 2013.

sveinung rotevatn

TJA: Sveinung Rotevatn siglar opp som eitt heitt namn til Stortingsvalet neste år.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Samstundes kan eidaren som leiar Unge Venstre segle opp som eit heitt namn når Venstre skal peile seg inn mot Stortingsvalet neste år.

– Min jobbar er å vere leiar i unge Venstre. På same tid driv eg jo politikk for å få innverknad og vere med og påverke, seier Rotevatn.

– Vil vurdere

Sveinung Rotevatn har som Unge Venstre-leiar fått ei høg stjerne i partiet. Og han har fått skryt for måten han den siste veka har handtert valdtektssaka i Rogaland.

Han avviser ikkje å bli stortingskandidat.

– Blir eg spurt om å bli stortingskandidat så vil eg sjølvsagt vurdere det, seier Rotevatn.